Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 3/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om landbruksmeldinga som snart blir vedtatt.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om landbruksmeldinga som snart blir vedtatt.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Fylkestinget i Møre og Romsdal skal vedta landbruksmelding 

Fylkestinget i Møre og Romsdal skal i midten av desember vedta ei landbruksmelding. Meldinga skal vere retningsgjevande for utviklinga av næringa på regionalt nivå og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket. 

I framlegget til melding er det eit hovudmål at "Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og synleg landbruk over heile fylket". Dette inneber:

 
  • Å auke mat-, trevirke-, energi- og tenesteproduksjon minst i takt med etterspurnaden. Auken skal i størst mogleg grad vere basert på lokale ressursar
  • Beredskap gjennom trygg produksjon av landbruksvarer
  • Rammevilkår som sikrar inntekt og rekruttering
  • Eit mangfald av produksjonar og bruksstrukturar
  • Å sikre produksjonsgrunnlaget, både areal og menneskelege ressursar
  • Å styrke produksjonsmiljø og klynger 

Framlegget til landbruksmelding dokumenterer status og utvikling i landbruket dei siste åra: Møre og Romsdal er eit sterkt mjølk- og storfefylke, med nesten 10 prosent av landets samla mjølkekvote. Grovfôrbaserte produksjonar står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsetjinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal har dei siste 50 åra hatt eit stort fokus på oppbygging av skogressursane ved skogplanting og kultivering. Denne skogen kan dei kommande 20 åra gje store avkastning.

    Framside Landbruksmelding for Møre og Romsdal

Sidan tusenårsskiftet er talet på gardsbruk i fylket gått ned med 37 prosent og talet på mjølkeproduksjonsbruk er halvert. Dei siste ti åra har det totale jordbruksarealet gått ned med ca. 50 000 dekar, beite medrekna. 

Dei viktigaste utfordringane er knytt til

  • Utvikle mjølkeproduksjonen og auke kjøttproduksjonen på storfe og småfe
  • Halde landbruksareala og kulturlandskapet i hevd, auke beitebruken og produsere fôr av god kvalitet
  • Stimulere produksjonsmiljø og kvalitet, samarbeid og innovasjon
  • Rekruttere og bygge kompetanse og omdømme for næringa
  • Satse på variert verdiskaping for å nytte ut ein større del av gardens ressursar 

I framlegget til melding er det sett konkrete mål og tiltak for mellom anna bevaring av produksjonsgrunnlaget, auka beiting, større landbruksproduksjon og sterkt fokus på rekruttering.
 

Næringspris til landbruket i Rauma

En fullsatt sal med tohundrede deltakere hyllet landbruket i Rauma.

Rauma kommune overrakte torsdag 29. november 2012 årets næringspris til Landbruket i Rauma ved Rauma bondelag. Det var tydelig at dette var en kjærkommen pris, siden tohundrede landbruksaktører og andre hadde møtt fram for å være med på feiringa. Landbruksdirektør i Møre og Romsdal Anne Berit Løset hilste prisvinnerne og tok forsamlinga med på en reise i utviklinga i landbruket på nasjonalt og lokalt nivå. Landbruksdirektøren har som ambisjon at landbruket skal kunne produsere mat til den voksende befolkninga både regionalt og nasjonalt. Leder for Rauma kommune kraftfond Marit Nauste sa at tida nå var overmoden for at landbruket skulle få Rauma kommune sin næringspris, og hun understreket det arbeidet bonden gjør med å fylle Rauma sin naturgledevisjon med innhold, samtidig som hun viste til det mangfoldige landbruket Rauma har med produsenter innen blant annet mat, juletrær, skogsvirke, videreforedling mat, husflid, serveringssted, håndverk og ikke minst reiseliv. Ordfører Lars Olav Hustad hylla også landbruket i Rauma. Han understreka hvor viktig det er med et aktivt landbruket som gir oss et landskap som både beboere og besøkende trives i. Mange ville hylle prisvinnerne - "I kveld har jeg fått påfyll til å holde på noen år til" sa en av bøndene på veg ut døra på veg til kveldsrunden i fjøset.  

Glade prisvinnere fra Rauma bondelag flankert av Ordfører Lars Olav Hustad og politiker Marit Nauste. Fra venstre: Ordfører i Rauma kommune Lars Olav Hustad, Styremedlemmer Rauma bondelag: Sølvi Hegsbro, Webjørn Mjelva, Anders Øverbø, Magne Andre Gridset, Øyvind Heinåli Karlsen, Leder for Rauma kommunes kraftfond Marit Nauste.
Glade prisvinnere fra Rauma bondelag flankert av Ordfører Lars Olav Hustad og politiker Marit Nauste. Fra venstre: Ordfører i Rauma kommune Lars Olav Hustad, Styremedlemmer Rauma bondelag: Sølvi Hegsbro, Webjørn Mjelva, Anders Øverbø, Magne Andre Gridset, Øyvind Heinåli Karlsen, Leder for Rauma kommunes kraftfond Marit Nauste. (Foto: Lars Smisethjell, Åndalsnes Avis)
 

Gardskartprosessen snart i mål

Gardskartprosessen har blitt namnet på eit omfattande arbeid med digitalisering og kvalitetssikring av kart over jordbruksareal på internett. I løpet av 2013 vil alle kommunane ha fullført prosessen, og vere over i ein fase med kontinuerleg vedlikehald. Norsk institutt for skog og landskap (Skog og landskap) fekk i oppdrag å digitalisere karta, fylkesmannen har koordinert arbeidet i fylka, m.a. med årlege kurs for kommunane, og kommunane har gjort eit stort arbeid med å registrere endringar i markslag og eigedomsgrenser. Grunneigarane har gitt innspel om mulege feil i karta. Digitaliseringa har gjort det mogleg å få fram nøyaktige arealoppgåver for den enkelte landbrukseigedom.

Gjennom prosessen har kvaliteten på karta blitt vesentleg betre, kunnskapen om arealtilstanden i kommunane har auka mykje, næringa har fått meir korrekte kart og forvaltninga eit betre grunnlag for utmåling av arealbaserte tilskot i jorbruket.  Kart i form av ortofoto har også blitt lovprist av medlemmer i politiske utval og i samband med arealplanlegging.

Vanylven kommune gjennomførte kvalitetssikringa av karta i 2009-2011, og tok i bruk dei nye arealtala i 2011. På eit kurs om gardskart nyleg fanga vi opp denne uttalen frå kommunen: "Du verden så lett det vart å holde på med produksjonstilskot med dei nye karta".  Vi har snakka med Sigurd Rovde om gardskartarbeidet i kommunen.

Korleis gjekk de fram for å få mest muleg tilbakemelding frå grunneigarar? Vi sende kart til alle grunneigarane, saman med eit orienteringsbrev, der vi ba om tilbakemelding om merknader og feil. Det er ca 125 som søkjer om produksjonstilskot, og kommunen har ca 600 landbrukseigedomar. Vi samarbeidde også med dei som leiger eigedomar. Mange kontakta kommunen.

Kva slags feil var det mest av?
I Vanylven var det ganske få feil i grenser, men ein del beite hadde falle ut. Ein del av innmarksbeita som Skog og landskap hadde klassifisert om, vart endra til beite på nytt, etter individuell vurdering. Kommunen har også tidlegare fulgt opp arealmålingar, så det vart ikkje så stor endring pga gardskartprosessen som nokre andre kommunar har opplevd.  Gardbrukarane godtok resultata av dei nye arealutrekningane. No er gardskartet den gjeldande fasiten for utrekning av areala.

Korleis organiserte de arbeidet internt i kommunen?
I Vanylven er kart, oppmåling og landbruk i same avdeling, og samarbeidet om gardskartprosessen har vore knirkefritt. Landbruksforvaltninga var koordinator for prosessen, og kartansvarleg saksbehandlar digitaliserte endringane etter manuskart. 

Kva meiner du er dei vitkigaste gevinstane etter gardskartprosessen?
Kommunen har fått så korrekte kart og arealoppgåver som råd er. Søknader om produksjonstilskot, tilskot til andre ordningar, arealforvaltning, osv har blitt mindre arbediskrevjande. Det er ofte bruk for kartoppgåver, og no er det enkelt å få tak i. Det er slutt på diskusjonar om arealet er rett eller ikkje, men vi er likevel opne for retting av feil.

Korleis legg de opp arbeidet vidare?
Vi tek vedlikeholdet fortløpande, etter som feil vert rapportert, utbygging skjer og når arealet går ut av bruk. Det er viktig for oss å halde ved like den gode kvaliteten vi oppnådde gjennom gardskartprosessen.

Praktisk arbeid med klassifisering av innmarksbeite. Frå venstre: Andreas Mickelson, Skog og landskap, Kårstein Haram, Haram Kommune. Bak: Pål Jakob Aasen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Anja Pangård Ahlstrøm, Skog og landskap.
Praktisk arbeid med klassifisering av innmarksbeite. Frå venstre: Andreas Mickelson, Skog og landskap, Kårstein Haram, Haram Kommune. Bak: Pål Jakob Aasen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Anja Pangård Ahlstrøm, Skog og landskap. (Foto: Arnold Hoddevik)