Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om opprydding i stormskadd skog som er i full gang.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om opprydding i stormskadd skog som er i full gang.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.    

Opprydding i stormskadd skog er i full gang

Orkanen Dagmar la i romjula ned om lag 300 000 m3 skog, mesteparten gran og ein del furu. Til samanlikning har den årlege hogsten i fylket vore på litt over 40 000 m³ dei siste åra. Største utfordringa er at mykje av skogen ligg i område utan skogsveg, og dessutan er det krevjande å auke kapasiteten innan hogst og logistikk så kraftig på kort tid.

Like før påske fekk vi tildelt 10 millionar kroner ekstra til næringsretta tiltak i skogbruket. Mesteparten av desse midlane vert brukt til skogsvegbygging. Alle tilgjengelege midlar og entreprenørkapasitet blir no brukt i stormskadd skog, medan andre veganlegg og drifter må vente til seinare år.

I dag er det fire tunge taubanekraner og sju skogsmaskindriftslag i full gang i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Skogeigarlag organiserer hovudtyngda av driftene, men Nortømmer og SB skog er også aktive i oppryddinga. Prognosane er at det totalt blir avverka 120 000 m³ orkanvirke i løpet av året. Gledeleg er det at sjølv om det meste av den nedblesne skogen er litt for ung til å vere hogstmoden, er kvaliteten så god at det ikkje har vore uvanleg med 75 prosent sagtømmer!

Forvaltninga av midlane skjer med utgangspunkt i det vanlege regleverket for nærings- og miljømidlar i skogbruket og dei retningslinene vi hadde for 2012, og blir fordelt slik:

Meir pengar til skogsvegar og støtte til drift i stormskadd skog i samsvar med dei overordna retningslinene for 2012.

I tillegg kjem følgjande nye tiltak som berre gjeld i 2012:

  
Stormfelt skog etter orkanen Dagmar

Stormfelt skog etter orkanen Dagmar. (Foto: Skogeigarlaget i Sogn og Fjordane)

  • Tilskot til taubanedrift av stormskadd skog kan ved enkelte svært vanskelege drifter og etter individuell vurdering frå oss aukast utover normalsatsen
  • Støtte til lange flyttingar av terrenggåande skogsmaskinar til fylket for mellombels å auke kapasiteten til å drive fram orkanvirke
  • Støtte til naudsynte tiltak ved langtidslagring av tømmer som vatning, sprøyting av tømmerlunner og etablering av mellomlager
  • Andre tiltak som er bidreg til opprydding av stormfelt skog

Kontaktpersonar:
Christian Rekkedal, tlf 57 64 30 78, fmsfcre@fylkesmannen.no
Torkel Hofseth, tlf 57 64 30 83, fmsftmh@fylkesmannen.no.
 

4H har laga 168 naturmøteplassar

På slutten av 2008 vann 4H Norge "årets gåve" på 10 millionar frå Sparebankstiftelsen DnB NOR med prosjektet Miljøløftet – unge krefter for ei miljøvennlig framtid. Målet var å byggje 150 naturmøteplassar i landet, og å løfte miljøengasjementet hjå born og unge. No når prosjektet nærmar seg slutten har 4H Norge oppfylt målet og meir til.

Det er 4H-klubbane og 4H-gardane i Sogn og Fjordane har vore dei desidert mest flittige søkjarane til Miljøløftet, og har fått midlar til å byggje heile 28 naturmøteplassar i nærmiljøet. Sidan 2009 har det blitt løyvd omlag 1,2 millionar til bygging av naturmøteplassar i Sogn og Fjordane og til natur- og miljøarrangement i 4H sin regi.

Opne, tilgjengelege møtestadar
Det er heilt utruleg å sjå alt det flotte 4H-arane i lag med samarbeidsorganisasjonar, foreldre og andre støttespelarar har klart å få til! Hundrevis av born og unge har lært både byggjeskikk og om natur og miljø. Prosjekta har utløyst svært mange dugnadstimar og mange bygder i fylket har fått ein ny, flott samlingsstad, smiler Åge Avedal, 4H-konsulent i Sogn og Fjordane.

Naturmøteplassane i 4H er opne, tilgjengelege og familievenlege møtestadar for miljøaktivitetar. Mange av 4H-klubbane og 4H-gardane har valt å byggje gapahuk, gamme, grindbygg eller grillhytte som sin naturmøteplass. Dei har òg tilrettelagt området rundt med turstiar og aktivitetsløyper, eller har investert i friluftsutstyr som kanoar, båt, bålutstyr eller lavvo. Ein av dei mest spektakulære naturmøteplassane i fylket er «Trollstein» i Fortun i Luster, der 4H-klubben har laga åtte ruter for fjellklatring av ulik vanskegrad.

Fortun 4H i Luster kommune har laga åtte klatreruter på naturmøteplassen Trollstein.

Fortun 4H i Luster kommune har laga åtte klatreruter på naturmøteplassen Trollstein. (Foto: 4H Sogn og Fjordane)

Utviklar bygda
Gjennom arbeidet med naturmøteplassar og natur- og miljøarrangement har 4H-klubbane vore med å utvikle bygda si og skapt nye sosiale møtestadar i friluft, seier 4H-konsulenten.

Mange av naturmøteplassane er allereie mykje i bruk, medan andre er under bygging. Det er framleis midlar igjen i Miljøløftet. Kvar naturmøteplass kan få inntil 35 000 kroner i støtte. Mange av naturmøteplassane har òg fått støtte via andre ordningar, som Gjensidigestiftelsen, Sparebankstiftelsen, LA21-midlar gjennom fylkeskommunen, nærmiljømidlar eller frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
 

Vellykka nettverksamling i bygdeutviklingsprogrammet

Saman med Fresvik bygdelag har Fylkesmannen arrangert bygdeforum i Fresvik i Vik kommune. Tilflytting og korleis få folk til å bu i bygdene og kopling til bulyst- prosjekt var sentrale tema på samlinga.

Kvart år samlast bygdene som deltek i bygdeutviklingsprogrammet hos ei av bygdene som har vore med tre år i programmet. Ålhus bygdeutviklingslag og Fresvik bygdelag er no ferdige i bygdeutviklingsprogrammet og dei fortalte om sine erfaringar på samlinga. I begge bygdene er det lagt ned mykje dugnad. Det arbeidet som bygdelag legg ned er særs viktig for å oppretthalde aktive bygdesamfunn.

Det var stort engasjement/interesse om temaet tilflytting. Marit Tennø, som jobbar 20 prosent som bygdemedarbeidar i Jostedalen, fortalte om erfaringane frå deira tilflyttingsprosjekt og korleis dei arbeidar med bygdeutvikling i Jostedalen. Valborg Heløy frå Luster kommune presenterte korleis dei jobbar med å få folk i fleire hus. Erfaringane så langt er at mange ynskjer å flytte til småbruk i Luster, men ei stor utfordring er at få leiger ut, eller vil selje bruka sine.

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) har nyleg, etter oppdrag frå Distrikssenteret, gitt ut rapporten» Kvifor blir vi her, innvandrarar i distrikts- Norge. Denne presenterte Inga Marie Skavhaug frå Distrikssenteret og forskar Adne Aasland (NIBR) i Fresvik. Innvandrarar i Vestvågøy, Haram og Tynset har bidrege med sine erfaringar og refleksjonar.

Helge Evensen Bjørkum,

Helge Evensen Bjørkum, prosjektleiar for ungdomsprosjektet i Lærdal, oppfordra deltakarane til og inkludera ungdomen i råd, utval og kommunale prosessar. Han meinte dette ville gje ungdomane eit sterkare tilhøyrsle til heimstaden, og synte til Lærdal som eit godt døme. (Foto: Randi Erdal)

Helge Evensen, prosjektleiar for bulyst i Lærdal - eit prosjekt for ungdom leia av ungdom, hadde følgjande bodskap; "Inkluder ungdomen, og då er det viktig å tenkje på korleis ein legg opp prosessane i kommunen".

Det var også tur til heimestølen Engi for å sjå på kulturlandskapet og resultatet av beiteryddingsarbeidet som har vore gjennomført der.

Heimestølen Engi

Heimestølen Engi, etter mange beiteryddingsprosjekt. (Foto: Randi Erdal)

Bygdene som deltek i bygdeutviklingsprogrammet:

  • Fresvik (ferdig i 2012)
  • Ålhus (ferdig i 2012)
  • Hestagrend
  • Stongfjorden
  • Instedalen Krins
  • Nye Bremanger
     

Sein vår gjekk over til sommar

I Sogn og Fjordane kom våren tidleg, men kulde og nedbør har halde igjen veksten slik at våren ved 17. mai låg etter det som har vore vanleg dei siste åra. Det er lite overvintringsskade, men den våte hausten i fjor kan gje negative utslag på avlinga i år.

Fruktbløminga i år er god. Morellar og plommer er i avsluttande bløming, medan eple og pære er godt i gang. Med gode temperaturar kjem bringebæra raskt etter. Dei gode temperaturane sikrar god pollinering og celledeling som er grunnlag for mengde og kvalitet til hausten. Mykje nedbør og høg luftråme gjer at sopp er eit aukande problem og at dyrkarane må vere meir påpasseleg med plantevern. Det drivande veret gjer at bløminga går raskt og kortar ned tida for smitte med soppsporar i blomen. Men frukt av god kvalitet krev at bonden følgjer opp gjennom heile sommaren.

Sauene og lamma ynskjer å kome ut no når det er vår. Men låge temperaturar har gitt lite grasvekst slik at dyra har blitt fôra inne fram til graset no er komen i god vekst. I periodar har det vore mykje nedbør slik at jordarbeiding og såing er vorte utsett, men varmen i slutten av mai gjer at vi tek att det tapte. Det er ein del køyreskade etter innhaustinga i fjor haust med køyrespor og øydelagde grøfter. Dette vil gje reduserte avlingar der dette ikkje er utbetra. Men enga er no gjødsla og graset står tett. Dette gjev voner om slått til normal tid midt i juni.

Jordbrukslandskap i Fjærland i Sogndal kommune

”Noreg i grønt, kvitt og blått” Våren er komen til Fjærland i Sogndal kommune. (Foto: Arne Sandnes)