Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Rogaland som er fylket med størst verdiskaping i landbruket.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Rogaland som er fylket med størst verdiskaping i landbruket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Rogaland er fylket med størst verdiskaping i landbruket 

Samla verdiskaping frå landbruket i Rogaland i 2010 er rekna til kr 2,17 milliardar, og samla arbeidsinnsats i primærnæringa var på 6872 årsverk.  

Dette kjem fram i eit notat frå Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking frå oktober 2012. Notatet har tittelen «Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar i Rogaland». I notatet går det fram at den totale verdiskapinga i det tradisjonelle jordbruket var på kr 1,8 milliardar, der mjølkeproduksjonen utgjer heile 57 prosent.

Håelva
Håelva (Foto: Arne Jostein Lyshol)

Dei tyngste landbrukskommunane i fylket er Hå, Klepp og Time med høvesvis 319 millionar,  255 millionar og 155 millionar kroner i verdiskaping. Sysselsetjinga i jordbruket i Rogaland var på 6 503 årsverk. Av notatet går det elles fram at det tradisjonelle jordbruket kjøpte varer og tenester for kr 3,27 milliardar.

Det er no under arbeid eit oppfølgjande notat som går på ringverknader for landbruket i Rogaland, notatet skal vere ferdig før sommaren 2013. 

NILF har gjennomført verdiskapingsutrekningane for Rogaland basert på data frå 2010.

Kontaktperson: Aart Magnussen, tlf. 51 56 89 63.

 Grashausting Fosse Mossige
Grashausting Fosse Mossige (Foto: Arne Jostein Lyshol)

Klar prioritering i bruk av bygdeutviklingstilskot i Rogaland

Tildelingsbrevet for bruk av regionale BU-midlar 2013 i Rogaland blei i mars sendt til Innovasjon Norge (IN). Brevet inneheld klare føringar for bruk av BU-midlane.  

I Rogaland er det klar semje i det regionale partnarskapet om kva som er viktige fokusområde, noko som kjem fram av Regionalplan for Landbruk og Handlingsprogram for Næring. Det er samstundes fokus på synergieffektar mellom ulike verkemiddel, slik det er framheva i Regionalt bygdeutviklingsprogram. 

Lønnsemd og bruksstruktur
Av tildelingsbrevet går det fram at BU-tilskotet skal ha ein klar effekt for lønnsemda i prosjekta og større satsingar skal prioriterast før små enkeltprosjekt. Det er målet  at IN skal nytte minimum 75 prosent av tilskotsmidlane til tradisjonelt landbruk i fylket og 25 prosent til bygdenæringar. Det er óg eit klart mål at midlane skal nyttast på ein slik måte at dei bidrar til ein variert bruksstruktur og eit aktivt landbruk i heile fylket. 70 prosent av midlane skal i denne samanhengen nyttast utanom dei sentrale områda på Jæren. 

Innan tradisjonelt landbruk skal grovfôrbaserte produksjonar og grønsaksproduksjon/veksthus prioriterast. Det er spesielt viktig at mjølkeproduksjonsvolumet i distrikta blir halde oppe, og at det blir ei auka satsing på storfékjøttproduksjon. Beita på inn- og utmark utgjer kritiske innsatsfaktorar for landbruket i Rogaland. Investeringar som legg til grunn auka bruk av beiteressursar, særleg i utmarka, skal prioriterast ved utmåling av tilskot. I tråd med det nasjonale målet om nok og trygg mat, ønskjer vi at dyrevelferd og fornying av driftsapparatet skal vektleggast i vurderingar omkring BU-støtte. Det skal heller ikkje i 2013 prioriterast BU-midlar til kraftfôrbasert husdyrhald, eller til pelsdyrhald. 

Andre satsingar som er framheva i brevet:

  • Bruk av tre i driftsbygningar
  • Fruktdyrking
  • Lokalmat og reiseliv
  • Bioenergi
  • Juletre (nyetablerarar) 

Gå til Regionalplan for landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram for lesa meir. 

Kontaktperson: Anfinn Rosnes, tlf. 51 56 89 80.

Gårdsbruk på Jæren
Gårdsbruk på Jæren (Foto: LMD)
 

Sjeldan sein vår også i grasfylket Rogaland

Det har vore ein heilt spesiell vår i Rogaland dette året. Regnet som kom no andre helga i april, var sjeldan etterlengta. Sjølv om våren nå endeleg ser ut til å ha komme, er gras og andre vekstar nokre veker forseinka. Etter det uvanleg langvarige, tørre og kalde veret, vil regn og mildver vere avgjerande for at bøndene skal kunne sikre seg nok grovfôr. Utkjøring og spreiing av husdyrgjødsel går nå for fullt. 

Før regnet og mildveret kom, var det mange fulle gjødsellager. Den våte hausten 2012 gjorde også sitt til at ikkje alle fekk tømd lageret på slutten av vekstsesongen. Heldigvis har bøndene vore flinke med å hjelpa kvarandre, der dei som har hatt ledig lagerkapasitet har stilt opp og teke imot gjødsel frå bønder med fulle lager. 

I grasfylket Rogaland der over 90 prosent av jordbruksarealet er gras, er det for tida brune enger over alt. God grovfôravling er svært viktig m.a. for mjølkeproduksjonen som er berebjelken i landbruket i Rogaland. Prøvar av eng som Norsk landbruksrådgiving har teke, viser at det er liv under det brune graset. Overvintringsevna varierer som kjent mellom engplanter, der timotei er ein av engplantene med best overvintringsevne. 

Med godt vårver framover, vil det truleg bli fart i grasveksten og andre vekster. Mange har nå direktesådd grasfrø i enga. I løpet av nokre veker kan vi konkludera om korleis enga har overvintra. 

Då vekstsesongen i Rogaland er den lengste i landet, kan det med ein god sommar framleis bli eit godt avlingsår.    

Kontaktperson: Birger Aasland, tlf. 51 56 89 87.
 

Storfekjøttsatsing i Rogaland 

Dei siste 10 åra har det vore underskot på storfekjøtt i den norske marknaden, og spesielt dei siste to åra har underskotet auka. Stabilt forbruk per innbyggjar (rundt 19 kg i året) og aukande folketal gir aukande etterspørsel etter storfekjøtt. Produksjonen har vore minkande sidan 2007, og den er no den lågaste på 20 år. 

Reduksjon i talet på mordyr er hovudårsaka til at kjøttproduksjonen går ned, noko som fører til aukande import for å dekkje etterspørselen. For 2012 var over 17 prosent av storfekjøttet som blei selt i butikken importert. Prognosen for 2013 viser at det vil bli eit underskot på omkring 10 000 tonn på landsbasis, noko som tilsvarar ein manglande slakteleveranse på 38 000 ammekyr. I Rogaland har produksjonen halde seg stabil på omkring 14 000 tonn dei siste 10 åra, men med unntak for 2012 kor det var ein nedgang på 1000 tonn.

Nytt prosjekt
Fylkesmannen i Rogaland og slakteria Fatland, Nortura og Prima har sett i gang ei storfekjøttsatsing for å motvirke situasjonen med underskot i marknaden. Satsinga har som mål å halde oppe dagens slaktemengde, samstundes som vi vil auke talet på mordyr med 300 årleg.

Målgruppe
Målgruppa for prosjektet er eksisterande og potensielle storfekjøttprodusentar i heile fylket, både dei som driv i kombinasjon med mjølk, og dei som er spesialiserte storfekjøttprodusentar. Det skal vera gratis rådgiving til produsentar for å hjelpe dei med å løyse utfordringane dei står overfor, slik at produksjonen totalt sett kan auke.

Denne våren og sommaren arrangerast det storfemøte rundt i heile fylket, og her blir det fagleg påfyll, informasjon om storfesatsinga og ein sosial arena for likesinna. Til hausten skal vi komme i gang med den gratis bonderetta rådgivinga. Prosjektsatsinga varer fram til hausten 2016 og er organisert etter modellen til Fylkesmannen sitt saueprosjekt .

Kontaktperson: Aart van Zanten Magnussen, tlf. 51 56 89 63.

Hereford
Hereford (Foto: Arne Jostein Lyshol)
 

Vel Skog Vest

Skolesekker i skogen
(Foto: Christen Egeland)

På grunn av skogreisinga på 1950-talet har skognæringa på Vestlandet utsikter til å veksa formidabelt dei neste 20 åra. Men då trengst det vesentleg meir kompetanse på alle plan. Alt i dag skortar det på kompetent personell både i operativ skogsdrift og i privat og offentleg rettleiing og forvaltning.

Det nasjonale prosjektet Velg Skog har slått røter på Vestlandet. Hordaland og Rogaland har gått saman om eit to-årig rekrutteringsprosjekt. Skogselskapet i Rogaland har tatt på seg å drifta prosjektet og har tilsett prosjektkoordinator. 

Prosjekt Vel Skog Vest skal først og fremst nå ut til elevar i ungdomskole og vidaregåande skole med informasjon om dei yrkesvala som finst innafor skogbruket. Skogbruket på Vestlandet er i dag ganske mannsdominert. Det skal difor spesielt leggjast til rette for at jenter kan velja skogfag. Skogsektoren er lite kjent på Vestlandet, og i prosjektet må difor også omdømmebygging vera ein viktig faktor. 

Skolemesser, skoleskogdagar og hospiteringsopplegg blir ein viktig del av opplegget. Men det vil også bli opplegg for skolerådgivarar og foreldre. Og det vil bli oppretta kontakt med Høgskolen i Hedmark på Evenstad og Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB), som har høgskole- og universitetsutdanning i skogfag. Elles er det naturleg at prosjektet har eit nært samarbeid med det nasjonale Velg skog-prosjektet. 

Prosjektet er eit spleiselag mellom to fylkeskommunar, to fylkesmannsembete, skognæringa, skogselskapa og Velg skog nasjonalt. 

Kontaktperson: prosjektkoordinator Gerd Inger Aarnes, mob. 952 10 357.

Vel skog uteskole
Uteskole i Egersund. (Foto: Skogselskapet i Rogaland.)