Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 13.11.2013
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Fylkesmannen som har utbetalt 4,75 millionar kroner til 308 gardsbruk etter vinterskade.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Fylkesmannen som har utbetalt 4,75 millionar kroner til 308 gardsbruk etter vinterskade.
Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.
__________________________________
Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.
- 4,75 millionar kroner til reparasjon etter vinterskade
- Auka fokus på drenering av jordbruksjord
- Tredrivar er ny stilling i Sogn og Fjordane
- Ny prosjektstilling for Inn på tunet
- Maten sin veg frå jord til bord
4,75 millionar kroner til reparasjon etter vinterskade
Fylkesmannen har utbetalt 4,75 millionar kroner til 308 gardsbruk som har reparert enga etter vinterskade. Dei som har søkt om tilskot har til saman utbetra 22 710 dekar. Det utgjer 9,2 prosent av det fulldyrka engarealet i fylket. I Hornindal kommune vart 1/3 av engarealet reparert, medan kring 25 prosent vart fornya i kommunane Jølster, Balestrand, Førde, Naustdal og Gaular.
Ein hard vinter med mykje isbrann gjorde at store areal måtte såast på nytt denne våren. Dette har påført bøndene mykje ekstraarbeid og reduserte avlingar. Dei bøndene som hadde størst skade hadde høve til å søkjer om tilskot til reperasjon av enga som måtte fornyast.
Tabell 1 viser korleis skaden fordeler seg mellom kommunane. Det har ikkje tidlegare vore utbetalt så store summar til reparasjon av vinterskadd eng i Sogn og Fjordane.
Fornying av eng etter vinterskade på Byrkjelo. Bilda er tatt 4. juni og 3. august. |
|
Fornying av eng etter vinterskade i Våtedalen. Bilda er tatt 4. juni og 3. august. |
Auka fokus på drenering av jordbruksjord
Bøndene i Sogn og Fjordane viser stor interesse for tiltak som kan betre dreneringstilstanden på jordbruksareala. Bakgrunnen er den nye tilskotsordninga for drenering av jordbruksjord, og eit sterkt fagleg fokus på dreneringstilstanden sin innverknad på arealproduktiviteten. I tillegg har vêrtilhøva dei siste åra vore ei stor utfordring. Mange stader har vassmetta jord gjennom store delar av sommaren og omfattande isbrann særleg sist vinter, understreka behovet for å utbetre gamle dreneringssystem.
Sogn og Fjordane fekk i år tildelt 2,3 millionar kroner i ramme for tilskotsordninga. Så langt har kommunane motteke heile 140 søknader med eit samla tilskotsbehov på om lag 2 millionar kroner. Tilskotsordninga vart kunngjort seint på året sidan det tok tid før regelverk og søknadssystem kom på plass. Tilskotsbehovet er sannsynlegvis vesentleg større neste år når fleire næringsutøvarar har fått tid til å setje seg inn i tilskotsordninga og utarbeidde grøfteplan og annan nødvendig dokumentasjon.
Samtidig med innføring av tilskotsordninga, har det vore viktig å samanstille fagkunnskapen om drenering og gjere den lett tilgjengeleg for bønder, entreprenørar, rådgjevarar og forvaltning. Dette vart følgd opp gjennom eit samarbeid mellom Bioforsk, Norsk Landbruksrådgiving, Bondevennen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest- og Aust-Agder. Ei rekke fagartiklar om ulike dreneringstema vart publisert i Bondevennen. Artiklane vart samanfatta i fagheftet «Drenering – teori og praksis» som vart distribuert til bøndene og kommunane i dei seks fylka.
I Sogn og Fjordane har Norsk Landbruksrådgiving og Bioforsk gjennomført to fagkurs i drenering for bønder, entreprenørar og kommunar. Gjennom korte førelesningar og praktiske døme fekk dei til saman 65 deltakarane ei grundig oppfrisking av kunnskapen om drenering. God planlegging vart framheva som ein suksessfaktor, der kunnskap om jordsmonn og tidlegare drenering, og kartlegging av problem og årsak var viktige moment. Det er aktuelt å vidareføre kurstilbodet i andre delar av fylket dei neste åra, for å oppretthalde den fornya interessa og motivasjonen for dreneringstiltak blant bøndene. Den nye tilskotsordninga er også ei viktig gulrot i denne samanhengen.
- Program for fagkurset i drenering (PDF, 341 Kb)
- Hefte: Drenering Teori og Praksis (PDF, 2 Mb)
Tredrivar er ny stilling i Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane har Fylkesmannen, Innovasjon Norge og Fylkeskommunen gått saman og finansiert prosjekt "tredrivar". Prosjektramma er tre år. Irmelin Fisch Vågen er tilsett som prosjektleiar og starta i stillinga i august.
Det overordna målet for prosjekt er å stimulere til auka bruk av tre. Vi tenkjer då på auka avverking av skog og auka bruk av lokalt trevirke i regionale treforedlingsbedrifter. For kvart ledd av verdikjeda som vert skapt i regionen, aukar verdiskapinga og muligheitene for fleire arbeidsplassar.
Skog og bruk av tre har potensiale i seg til auka verdiskaping og fleire arbeidsplasser. Dette oppnår ein ved å utvikle og støtte heile verdikjeda - skog – foredling – marknad og samanhengen mellom dei ulike ledda i denne næringskjeda.
Norge har store skogressursar, og auka bruk av trevirke vil bidra til bærekraftig produksjon, utvikling og forbruk. Bakgrunnen for den nasjonale tresatsinga er også at trematerialet er viktig for regjeringa sin miljø-, energi- og distriktspolitikk.
98 prosent av private bustader er trebygg, og statistikken er diametral i offentlige bygg og næringsbygg. Fram til år 2000 var det krav om maks høgde for trebygg med begrensning på 3 etasjar. Lovverket er endra, og interessa og kompetansen for større trebygg aukar. Byggjebransjen har tung kompetanse innan stål og betong. Årsakene til dette er truleg at behovet for entreprenørar og underleverandørar melder seg først ved større prosjekt. Auka kompetanse på trebygg i det prosjekterande og realiserande leddet i verdikjeda er nødvendig for å oppnå målsetjinga i prosjekt tredrivar.
Entreprenørar har små marginar og tek stor risiko. Dette er faktorar som tvinger fram trygge materialval. Nasjonal tresatsing jobbar fram nye løysingar og dokumentasjon for trevyrket, og som igjen betyr innovasjon innafor sikre rammer.
Dei som fattar vedtak i fylkeskommunane og kommunane har muligheit gjennom politiske vedtak, å styrkje det regionale næringslivet ved å prioritere bygg og byggjemetodar basert på det eksisterande ressursbildet i Sogn og Fjordane. Ein slik beslutningsvilje, kombinert med regional ressurstilgang og kompetanse på trebruk, gjev distrikta eit fortrinn og kan bidra til styrke næringsutvikling og meir livskraftige lokalsamfunn.
- Intervju med Irmelin Fisch Vågen - reportasje i Firda (PDF, 437 Kb)
Ny prosjektstilling for Inn på tunet
I Sogn og Fjordane blei det våren 2013 laga ein handlingsplan for Inn på tunet. Hovudmålsettinga med planen er å utvikle kvalitetssikra og samfunnsnyttige velferdstenester på gardsbruk i Sogn og Fjordane. For å følgje opp handlingsplanen, er det i samarbeid med Innovasjon Norge etablert eit prosjekt med ein prosjektleiar i 75 prosent stilling. Prosjektleiaren skal arbeide i tråd med handlingsplanen og ha kommunane og andre kjøpargruppe som si viktigaste målgruppe. Vi ser fram til å få tilsett ein prosjektleiar som kan gje eit løft for Inn på tunet i Sogn og Fjordane.
Handlingsplanen i Sogn og Fjordane har seks satsingsområder:
- Forankring
- Informasjon
- Kvalitetssikring
- Kompetanseheving
- Nettverksbygging
- Nye områder
Organisasjonane som står bak handlingsplanen er representantar frå Fylkesmannen sine avdelingar innan landbruk, utdanning og helse- og sosial, Innovasjon Norge, KS, NAV, Sogn og Fjordane Bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, Sogn og Fjordane skogeigarlag, Sogn og Fjordane fylkeskommune og tilbydarnettverket i Sogn og Fjordane.
Maten sin veg frå jord til bord
4H Sogn og Fjordane og Hordaland har slått seg saman og føl opp den nasjonale 4H-satsinga "frå jord til bord". Vi er i gang med eit toårig prosjekt for å utvikle ein matskule for born og ungdom frå og med 4de klasse. Aktiviteten vert forma som ferietilbod og helgekurs der borna får følje matens veg frå jord til bord frå lokale produsentbesøk til ferdige måltid. Vi ønskjer å fremje sunne haldningar og auka interesse for lokalmat og grunnleggande matkunnskapar gjennom 4H's velkjende å lære ved å gjere. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen, Bygdeutviklingsmidlar, sparebankstiftinga og fylkeskommunen.
No er vi i gang med å rekruttere vaksne instruktørar. Nokre skal reise rundt, andre vil tilby matskule på garden. Det har allereie vore matskule for born i Vik i Sogn og på Halbrend i Førde, samt at 240 born deltok i "leik med maten" på landbruksdagane på Breim i Gloppen kommune.
- Faldar – 4H Matskule (PDF, 6 Mb)