Historisk arkiv

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim til Kina og Sør-Korea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Kina og Sør-Korea 30. juni til 4. juli. Her er utdrag frå programmet:

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Kina og Sør-Korea 30. juni til 4. juli. Her er utdrag frå programmet:

Måndag 30. juni. Beijing

I Beijing har Erik Solheim møter med mellom andre miljøminister Zhou Shengxian. Dei skal blant anna underteikne ein miljøavtale mellom dei to landa. Solheim skal også mote Den nasjonale utviklings- og reformkommisjonen og minister Xie Zhenhua. Dessutan skal ha få informasjon frå Kinas Raude Krossen om jordskjelvkatastrofen.

Tysdag 1. juli. Beijing

I Beijing skal han mellom anna ha møter med Den sentrale partiskolen og miljørørsla WWF Kina.

Onsdag 2. juli Shanxi

Erik Solheim vitjar provinsen Shanxi, for å sjå nærare på kullindustrien i Kina, og dei miljøutfordringane landet har

Torsdag 3. juli Guangzhou

Erik Solheim skal opne det nye generalkonsulatet i Guangzhou. Han skal også delta på eit ekspertmøte om arbeidsstandard i bedriftane. Her deltek mellom anna ILO, NHO og representantar for norske bedrifter

Fredag 4. juli Seoul

I Seoul i Sør-Korea har Erik Solheim møter med miljøvernminister  Lee Maanee. De skal underteikne ein miljøavtale mellom dei to landa. Han skal også vitje Korean Development Institute.

 

Pressekontakt på turen er kommunikasjonssjef Jon Berg i Miljøverndepartementet. Tlf. 905 694 95. jon.berg@md.dep.no