Solheim møter Jonathan Lash
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Nyhet | Dato: 07.11.2008
Måndag tiande november får Miljø og utviklingsminister Erik Solheim besøk av Jonathan Lash, som er leiar for World Resource Institute (WRI).
WRI, som er basert i Washington, er ein sentral og velrennomert leverandør av forskning og analyse innan berekraftig utvikling. Lash er i Oslo for å lansera "World Resource Report 2008". Årets rapport er eit samarbeid med Verdsbanken, UNDP og UNEP, og tar for seg korleis det å ta omsyn til verdien naturen har for menneska kan vere ein pådrivar for å løyse miljø- og fattigdomsproblem i utviklingsland.
Solheim møter Lash klokka 1100 til 1200 i Miljøverndepartementet. Dei er tilgjengelege for pressa på slutten av møtet.
Rapporten blir lanert i samarbeid med GRID-Arendal på eit arrangement på Engebret Café tysdag ellevte november klokka 12.30. Arrangementet blir åpna av statssekretær Heidi Sørensen.