Historisk arkiv

Tyskland følgjer opp dei norske skogmilliardane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Den tyske forbundskanslaren Angela Merkel lova under FN sitt partsmøte om mangfaldet i naturen i Bonn i dag at Tyskland skal setje av 500 millionar euro i løpet av ein femårsperiode til vern av skog og andre naturtypar. Erklæringa vil vere av stor verdi for å minka klimagassutsleppa frå naturøydeleggjingar.

 -  Det er svært gledeleg at Tyskland på denne måten følgjer Noreg i kampen for å verna verdas skoger, sa miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i sitt påfølgjande innlegg.

 Solheim sa også at det er viktig at urbefolkning og lokalsamfunn blir involverte i dette arbeidet.

 - Dette initiativet medverkar meir enn noko anna til å sameina kampen mot klimaendringar og fattigdom, og til å verne naturen sine goder for fremtidige generasjonar. Eg ser frem til eit vidare samarbeid med ein så viktig aktør som Tyskland, seier Solheim.

Den norske regjeringa vil bruke inntil tre milliardar kroner årleg over fem år til minka avskoging og forringing av skog. Avskoging fører til 20 prosent av utsleppa av klimagassar i året. Skogen gir mat, medisinar og brensel til 1,6 milliardar menneske, og to tredjedeler av alle kjente artar på land lever i skogen.

Sternkommisjonen pekte på tiltak mot avskoging som noko av det billigaste og mest effektive vi kan gjere for å få ned utsleppa og bremse klimaendringane på kort sikt.

 Kontaktpersonar:

- Delegasjonsleiar, avdelingsdirektør Lindis Nerbø, + 47 93 28 15 88

- Kommunikasjonsrådgjevar, Gard Nybro Nielsen, + 47 95 24 46 74