Solheim reiser rundt i landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 19.06.2009 | Sist oppdatert: 16.10.2013
I neste veke vil miljø- og utviklingsminister Erik Solheim ta fleire reiser rundt i Noreg.
I neste veke vil miljø- og utviklingsminister Erik Solheim ta fleire reiser rundt i Noreg.
Mandag 22. juni opnar Solheim eit seminar om klimaendringane som Cicero arrangerer, der det kjem fram informasjon om forskingsresultata etter den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Seminaret arrangerast i Forskningsparken i Oslo.
Mandag 22. juni opnar Solheim den nye biodieselfabrikken Uniol AS, i Øra i Fredrikstad kl. 11.30.
Tysdag 23. juni talar Solheim på konferansen Citisense 2009 for framtidas byutvikling i Sandefjord kl. 14.30.
Onsdag 24. juni deltek Solheim på KFUK-KFUM sin sommarfestival i Gjøvik. Han møter miljørådgjevar Lars Ove Kvalbein i Den norske kyrkja til klimatalkshop om kva regjeringa gjer for å kjempe mot klimaendringane, og kva Den norske kyrkja kan gjere.
Fredag 26. juni opnar Solheim Lomsdal/Visten nasjonalpark. Det blir arrangement både i Stavassdalen sør for Mosjøen og på Nevernes ved Brønnøysund.
Søndag 28. juni deltek Solheim under den offisielle opninga av ”Utvalde kulturlandskap i jordbruket.” Her deltek også HKH Kronprins Haakon og landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Arrangementet finn stad i Vangrøftdalen i Os kommune i Hedmark.