Historisk arkiv

Erik Solheim besøkte klimavennlege bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkte to nye klimavennlege bygg i Asker og Bærum. Han blei imponert over det han såg.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkte to nye klimavennlege bygg i Asker og Bærum. Han blei imponert over det han såg.

Storebrand sitt nye hovudkvarter blei åpna i desember 2009. Det rommar 1600 tilsette. Konserndirektør Idar Kreutzer viste Solheim rundt i det enorme bygget på Lysaker utanfor Oslo. Her har dei tenkt på klima og energi i alle detaljar.

Eit av dei største energisluka i eit kontorbygg er knytta til bruken av datamaskinar. Kreutzer ynskte at maskinane skulle vere slokte om natta, noko fagekspertane sa var umogleg på grunn av oppdateringar. Men Kreutzer gav seg ikkje, og no søv alle datamaskinane om natta. Fagfolka har gjort det slik at det går veldig raskt å få i gang maskinane att om morgonen.

Eit kontorbygg har stort behov for nedkjøling. Alle folka og maskinane skaper mykje varme. Storebrand har godteke litt høgare temperaturar på dei varmaste dagane om sommaren og datamaskinane står altså ikkje på heile tida. Dessutan er det god utvendig solskjerming i bygget, som vendar seg etter sola. Eit anna energitiltak er solpanel til oppvarming av vatn.

Kreutzer fortalte også om arbeidet med å få inn miljøvennlege materialer. Selskapet fekk beskjed om at det ikkje fantes Svane-merka kontorstolar, men gav seg ikkje. Til slutt sa Savo at dei kunne levere stolane, mot at dei fekk litt lengre leveringstid. Same med teppane. Storebrand krevde at underlaget skulle vere mogleg å resirkulere, noko dei etter kvart fekk.

Miljø- og utviklingsminister med konserndirektør i Strorebrand, Idar Kreutzer. Foto: Miljøverndepartementet.
Miljø- og utviklingsminister med konserndirektør i Strorebrand, Idar Kreutzer. Foto: Miljøverndepartementet.

- Dette viser kor viktig det er å ikkje gje seg, å ikkje ta nei for et nei, sa ein imponert statsråd. Solheim meiner det nye Storebrand-bygget kan stå som modell for mange andre byggherrar.

Seinere på dagen besøkte Solheim den nye barnehagen på Storøya grendesenter på Fornebu. Dette er også eit energieffektivt bygg og er Noreg sin fyrste barnehage av såkalla passiv hus-standard. Barnehagen har til dømes ikkje gulvvarme, men tregolvet sørger for god isolering. Lys går automatisk av når det ikkje er nokon i rommet. God ventilasjon og ekstra isolering er andre tiltak.

Barnehagen legg også vekt på å redusere avfall og å kildesortere. Vatnet til dusjen blir varma opp med solfangarar.

- Eg tar av meg hatten for Bærum Kommune, sa Solheim – også her veldig imponert.