Erik Solheim besøkte Mongstad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 29.09.2010
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkte Mongstad tysdag for å sjå på arbeidet med testsenteret for reining av CO2.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkte Mongstad tysdag for å sjå på arbeidet med testsenteret for reining av CO2.
Solheim sa under besøket at Noreg er heilt i front internasjonalt for reining av CO2. Teststenteret er under bygging, og blir opna fyrste kvartal 2012. Statoil er i rute, kunne Solheim sjå med sjølvsyn.
- Det viktigaste no blir at vi kan utvikle teknologien vidare og at kostnaden ved å fanga og lagre karbon går ned. Dette kan testsenteret på Mongstad bidra med, sa Solheim.
Seinere denne veka skal olje- og energimininsteren opne det nye administrasjonsbygget på 5000 kvadratmeter.
Testsenteret på Mongstad skal innehalde to forskjellige teknologiar. Det eine er frå Aker Clean Carbon, og det andre frå Alstom. Dei skal reine CO2 frå to ulike røykgassar. Dette blir verdas største anlegg for testing og forbetring av CO2-fangst. Testsenteret er eit samarbeid mellom den norske staten, Statoil, Shell og Sasol.
I gjennomsnitt har anlegget allereie no besøk av to delegasjoner i veka. Mellom anna har fleire representantar frå det brasilianske oljeselskapet Petrobras vore på besøk den sista tida. Solheim sa under besøket at han vonar at fleire selskap kan bli medeigar i testanlegget.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim saman med prosjektleiar Sverre Overå. Foto: Dag Sunnanå.