Erik Solheim til Mexico-golfen og Sør-Amerika
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 09.08.2010
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skal besøkje Mexico-golfen for å sjå på skadane etter oljeulykka.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skal besøkje Mexico-golfen for å sjå på skadane etter oljeulykka. Solheim skal også møte representantar for oljeselskapa og styresmaktene.
Sundag 15. august drar Solheim til Houston, Texas. Måndag har han etter planen møter med norske selskap som opererer i området, og med oljeselskapa. Tysdag dreg han til New Orleans og skal fly over ulykkesområdet og sjå på skadane langs kysten.
Etter USA-besøkjet, dreg Solheim til Sør-Amerika. Der skal han besøkje Uruguay, Paraguay, Bolivia og Venezuela. Temaene her er blant anna regnskog og dei komande klimaforhandlingane i Mexico.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef i Miljøverndepartementet, Jon Berg, tlf 90569495