Historisk arkiv

Første klimaforhandlingsmøte etter København

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Partane i FNs klimaforhandlingar skal møtast i Bonn i helga. Hovudsaka er å planleggje forhandlingsprosessen framover mot toppmøtet i Cancun i Mexico seinare i år. Fleire land meiner det er behov for å halde ekstra møte.

Partane i FNs klimaforhandlingar skal møtast i Bonn i helga. Hovudsaka er å planleggje forhandlingsprosessen framover mot toppmøtet i Cancun i Mexico seinare i år. Fleire land meiner det er behov for å halde ekstra møte.

Møtet i Bonn frå 9. – 11. april er det første formelle forhandlingsmøtet etter København. Neste forhandlingsmøte finn også stad i Bonn, frå 31. mai til 11. juni. Truleg vil det bli halde fleire klimamøte i haust, både formelle og uformelle.

–København-avtalen var ein viktig milepæl. Men han fekk dessverre ikkje støtte frå alle partane i FNs klimakonvensjon. I Bonn skal vi mellom anna drøfte korleis København-avtalen kan brukast som underlag for ein avtale i Cancun, seier Noregs forhandlingsleiar Audun Rosland.

Noreg meiner det er viktig å byggje vidare på dei framstega som vart oppnådd i København. Det gjeld både framsteg i dei ulike arbeidsgruppene og det som vart oppnådd i København-avtalen.

Noreg har levert inn framlegg om å halde to ekstra møte i haust, på ei veke kvar. Noreg meiner også ein bør prøve å halde eigne ministermøte i samband med dei ordinære forhandlingsmøta slik at ein gjer det mogleg med politiske innspel til forhandlarane.

–Eg ventar også at Bonn-møtet vil diskutere kva for forventingar ein skal ha til utfallet av forhandlingane i desember i Cancun, seier Audun Rosland.