Historisk arkiv

Bevarer enda fleire internasjonalt viktige våtmarker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Noreg har fått 14 nye Ramsar-områder. Fire av dei nye områda er på Svalbard, mellom anna Bjørnøya og Sørkapp.

Noreg har fått 14 nye Ramsar-områder. Fire av dei nye områda er på Svalbard, mellom anna Bjørnøya og Sørkapp.

- Det er positivt at Ramsarsekretariatet nå har bestemt at desse områda har internasjonal verneverdi. Ramsarstatus forpliktar oss til å ta vare på desse våtmarkene og sikre deira økologiske tilstand,. Det er ein oppgåve vi må ta på alvor, seier statssekretær Heidi Sørensen.

Med disse 14 nye områda har Noreg totalt nå 51 områder på lista over dei viktigaste våtmarkene i verda. Dei nye områda er: Reisautløpet i Nordreisa, Målselvutløpet i Målselv og Lenvik, Evenes våtmarkssystem i Skånland og Evenes, Glomådeltaet i Rana, Røstøyan i Røst, Sklinna i Leka, Ulendeltaet i Lierne, Rott-Håstein-kjør i Sola, Atnsjømyrene i Folldal, Stor-Elvdal og Sør-Fron og Hedmarksvidda våtmarkssystem i Løten, Hamar og Ringsaker. På Svalbard er det Sørkapp, Nordenskiöldkysten, Hopen og Bjørnøya.

Konvensjonen om vern av våtmarker, Ramsarkonvensjonen, er ein internasjonal avtale for å bevare viktige våtmarksområde som strandsoner, fuglefjell, fuktenger og ulike typer ferskvann og elver.

Les meir på Direktoratet for naturforvaltning sine heimesider.