Erik Solheim til Nordisk Ministerråd i København
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Nyhet | Dato: 01.11.2011
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltek onsdag 2. november på møter i Nordisk Ministerråd, saman med dei andre miljøministrane. Solheim skal også ha einskilde bilaterale samtalar.
Les kronikken "Hormonforstyrrere på dagsorden" skrevet av de nordiske miljøministrene.
Møta finn stad i København, og dagen byrjar med at Solheim møter den nye danske klima- og energiministeren Martin Lidegaard klokka 0750. Etter det skal han treffe sin svenske kollega, Lena Ek, der mellom anna felles nordisk forvalting av rovdyra er eit tema.
Det Nordiske Miljøvernministermøtet byrjar klokka 0900. Blant det som skal blir diskutert her, er statsministrane sitt initiativ om grøn vokster, nytt miljøhandlingsprogram og Noreg sitt ordførarskap for Nordisk Ministerråd i 2012.
Seinare same dag er det møte i Nordisk Råd sitt miljø- og ressursutval. Her skal dei mellom anna diskutere ein ny rapport frå Verdas Helseorganisasjon (WHO) om luftkvaliteten i byane, inkludert dei nordiske.