Historisk arkiv

Nøgd etter samtaler om regnskog i Indonesia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Indonesia, med den tredje største regnskogen i verda, har sett i gang eit stort arbeid for å bremse avskoginga. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell var i landet denne veka og hadde samtalar med sentrale politikarar om arbeidet med å redde regnskogen.

Indonesia, med den tredje største regnskogen i verda, har sett i gang eit stort arbeid for å bremse avskoginga. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell var i landet denne veka og hadde samtaler med sentrale politikarar om arbeidet med å redde regnskogen.

 

Solhjell møtte skogminister Zulkifli Hasan i Jakarta denne veka

Solhjell møtte skogminister Zulkifli Hasan i Jakarta denne veka. Skogministaren har stor makt i spørsmålet om regnskogen i Indonesia. (Foto: Jon Berg)

 

Ambisiøse klimamål

Saman med det norske kronprinsparet møtte Solhjell mellom andre Indonesia sin president Susilo Bambang Yudhoyono. Han har personleg gått i bresjen for å minske avskoginga. I 2010 var han i Oslo og overvåka underteikninga av ein klima- og skogavtale mellom dei to landa. Presidenten hadde då på førehand lova at Indonesia skulle redusere utsleppa av klimagassar med heile 41 prosent innan 2020, eit uvanleg ambisiøst mål. Landet er no det tredje største utsleppslandet i verda, som fylgje av den enorme brenninga og nedhugginga av regnskogen, og øydeleggjing av torvmyr.

 

1 million dollar

Noreg har lova inntil ein milliard dollar til Indonesia om landet kan bevise at dei har klart å redusere avskoginga. Dette skal skje mellom anna gjennom overvaking frå satelittar og kontroll på bakken.

- Gjennom mine samtalar med presidenten og fleire ministrar no i Jakarta fekk eg eit klart inntrykk av at Indonesia arbeider hardt og ambisiøst med sine mål om redusert avskoging. Ikkje berre har dei førebels stansa utdelinga av nye hogstkonsesjonar, dei lagar også god overvaking, nøyaktige kart og dei etablerer dei naudsynte institusjonane, seier Solhjell i Jakarta.

Han legg til at det no er blitt mykje større openheit kring skogpolitikken enn før og at fleire deltek i diskusjonane. Det er blitt heilt legitimt å diskutere urfolka sine rettar i skogen. Dessutan er det sett i gang fleire rettsprosessar mot ulovleg hogst.

- Dette siste er i seg sjølv utruleg viktig i arbeidet vidare. For fyrste gong blir det for alvor slått hardt ned på den omfattande ulovlege verksemda i skogen, seier han.

 

Stans i utdelinga av nye konsesjonar

Eit viktig spørsmål i diskusjonane er om moratoriet om stans i utdelinga av nye hogstkonsesjonar skal forlengjast. Den førebelse stansen går ut i mai neste år, men Solhjell fekk inga handfaste svar på kva som vil skje.

- Regjeringa opplever eit sterkt press frå delar av skogindustrien om å gi fleire konsesjonar, og jobben er veldig krevjande. Men eg møtte sentrale ministrar som går inn i dette med stor kraft, dyktigheit og entusiasme, seier Solhjell.

Utfordringa for Indonesia og mange andre regnskogland er korleis dei skal klare å lyfte millionar av menneske ut av fattigdom utan å rasere skogen. Folk i Indonesia må komme ut av fattigdomen på andre måter enn å øydeleggje skogen. Det som driv øydeleggjinga er fyrst og fremst tømmerhogst, gruvedrift og etablering av nye plantasjar for palmeolje og papirproduksjon. Korrupsjon er eit enormt problem og gjer ikkje jobben enklare.

 

Kronprinsessen samtalar med Indonesia sin president
Kronprinsessen samtalar med Indonesia sin president etter møtet og lunsjen dei hadde, der også kronprinsen og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell deltok. (Foto: Jon Berg)

Må dokumentere resultat

- Noreg har så langt gitt omlag 30 millionar dollar til Indonesia. Det har gått til forebuingane. Størstedelen av pengane vil bli utbetala fyrst når ein uavhengig instans kan bevise at utsleppa frå avskoging går ned. Indonesia må dokumentere resultat, seier Solhjell, og legg til at Noreg ikkje har nokon toleranse for korrupsjon.

Ein av dei mest sentrale politikarane Solhjell og kronprinsparet møtte var reformminister Kuntoro Mangkusubroto. Han leiar den sokalla REDD+ Task Force, som er presidenten sin spesialeining for reduserte utslepp frå avskoging og torvmyr. Denne spesialeininga blei etablert som fylgje av klima- og skogavtalen med Noreg. Kuntoro er ein av presidenten sine mest betrodde menn. Han blei for alvor kjent då han leia gjenreisinga av Aceh etter tsunamien.

- Kuntoro er brennande engasjert, han er dyktig og kan veldig mykje om kva som skal til for å bremse avskoginga. Vi stolar på at han når fram i regjeringa, smiler Solhjell.

 

 

 

 

 

Formidabel oppgåve

Solhjell møtte også ein annan mektig mann i spørsmålet om skjebna til regnskogen, nemleg skogminister Zulkifli Hasan. Han er ein av nøkkelpersonane i spørsmålet om moratoriet blir utvida.

 - Han lova å gå vidare med moratoriet om stans i nye konsesjonar for hogst, men det gjenstår å sjå kor forpliktande dette er og kva unnatak han vil komme med, seier Solhjell.

Sentral-Kalimantan på Borneo blei vald som pilotprovins i 2010. I pilotprovinsen skal Indonesia teste ut tiltak som seinare  skal bli sett i verk nasjonalt. Dei årlege utsleppa i Sentral-Kalimantan er fem til seks gonger så store som Noreg sine totale utslepp. Guvernøren deltek no med stor iver i arbeidet.

- Det er ingen tvil om at vi står foran ei formidabel oppgåve. Om vi lykkast med klima- og skogprosjektet i Indonesia kan det få enorm verknad for klimaet på jorda. Til sjuande og sist dreier det seg om at folk i Indonesia må komme seg ut av fattigdomen på andre måtar enn å øydeleggje skogen. Arbeidet er godt i gang, og eg er nøgd med det eg har fått høyre i Jakarta. Men månadene framover blir veldig spanande, kanskje avgjerande, seier Solhjell.