Historisk arkiv

Klimakurs for lærarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Klimakurset Generasjon Grønn er for lærarar som ønskjer å oppdatera seg på nyare klimakunnskap. Kurset vil også styrkje det samfunnsfaglege perspektivet på klimautfordringa og sjå på forholdet mellom forsking og samfunn.

Klimakurset Generasjon Grønn er for lærarar som ønskjer å oppdatera seg på nyare klimakunnskap. Kurset vil også styrkje det samfunnsfaglege perspektivet på klimautfordringa og sjå på forholdet mellom forsking og samfunn.

Torsdag og fredag denne veka startar Generasjon Grønn klimakurs for lærarar opp i Bergen og Kristiansand.

Klimaforsking, klimaendringar og klimapolitikk, er utfordrande temaer å undervise i, og kurset gjev fagleg påfyll frå etablerte førelesarar som klimaforsker prof. Kikki Kleiven (Bjerknes senter for klimaforskning), samfunnsforsker dr. Marit Sjøvaag Marino (BI) og klimaformidlar Tobias Thorleifsson. Kurset er gratis for lærarar.

Det er fortsatt mogleg å melde seg på kurs i Oslo, Tromsø, Trondheim og Hamar.

Kursdatoer og lenkje til påmelding finn du på http://skolelab.no

Meir informasjon om Generasjon Grønn finn du her: http://www.klimaloftet.no/generasjongronnkurs

 

Tobias Thorleifsson, Kikki Kleiven og Marit Sjøvaag Marino er klare med nytt lærarkurs i regi av Miljøverndepartementet/Klimaløftet
Frå venstre Tobias Thorleifsson, Kikki Kleiven og Marit Sjøvaag Marino er klare med nytt lærarkurs i regi av Miljøverndepartementet/Klimaløftet (Foto: Fredrik Naumann)