Kulturminnedagane 2012: Pris til Halsa kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 10.09.2012
Årets kulturminnedagar gjekk av stabelen denne helga. I samband med det, vil miljøvernminister Bård Vegar Solhjell gratulere Halsa kommune, Geitbåtmuseet og Halsa historielag med prisen for det beste arrangementet. Temaet i år var”Møteplassar”.
Årets kulturminnedagar gjekk av stabelen denne helga. I samband med det, vil miljøvernminister Bård Vegar Solhjell gratulere Halsa kommune, Geitbåtmuseet og Halsa historielag med prisen for det beste arrangementet. Temaet i år var”Møteplassar”.
- Halsa kommune hadde lagd eit solid og spennande opplegg – ”Kulturminnedagane i Halsa – dei gamle anløps- og handelsstadene”. Eg har merkt meg at at kommunen samarbeidde med museet og historielaget, og det synest eg er veldig bra, seier Solhjell.
Prisen var i år på 30 000 kroner og eit diplom.
Kulturminnedagane skal bidra til å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø blant folk. Dei blir arrangerte kvart år over heile Europa, og omfattar 50 land. Europarådet står bak arrangementet. I Noreg kan man i år velje mellom 130 aktivitetar rundt omkring i landet, i alle fylka. Nytt av året er at kulturminnedagen nå også er tilgjengeleg på både facebook og twitter.
- Kulturminnedagane er eit flott arrangement, og eg vil nytte sjansen til å takke dei mange friviljuge som står bak. Eg er imponert over mangfaldet desse dagane kan oppvise! Gjennom dei mange oppslaga i lokalpressa, ser eg at mange fant vegen til dei lokale arrangementa og fekk oppleve den fantastiske innsatsen dei mange friviljuge gjer for å ta vare på kulturarven vår, avsluttar Solhjell.