Historisk arkiv

Naudsynt å kartlegge dumpa atomavfall i Karahavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier det er naudsynt å få kartlagt det radioaktive avfallet som er dumpa i Karahavet.

- Det er ikkje noko akutt fare for folks helse og miljø, men det er likevel veldig urovekkande at så mykje radioaktivt avfall ligg i havet. Dette kan vere kjelder til radioaktiv forureining i framtida. Eg er difor nøgd med at dette no blir kartlagd betre, seier Solhjell.

I slutten av august startar eit norsk-russisk forskingstokt til Karahavet i Nordvest-Russland. Toktet går til områder som blei brukt som dumpingplass for brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall heilt fram til byrjinga av 1990-tallet.

På 1990-talet blei det gjennomført tre norsk-russiske tokt til dumpestadene i Karahavet. Granskingane viste at forureininga den gongen var lav, men at det var risiko for framtidige lekkasjar. Russarane gjennomførte eigne granskingar i 2004.

- Eg er særs glad for at norske og russiske ekspertar no på nytt skal samarbeide om kartlegginga, seier Solhjell.

Toktet i år vil vare i om lag ein månad og skal undersøkje Stepovogo­bukta på austkysten av Novaja Semlja. Noreg deltek med åtte forskarar frå Statens strålevern, Havforskningsinstituttet, Universitetet for miljø- og biovitenskap og Institutt for energiteknikk. Russland deltek med åtte forskarar frå Det føderale byrået for hydrometeorologi og miljøovervaking i Roshydromet, Kurtsjatov-instituttet og forskningssenteret Juzmorgeologia. Det internasjonale atomenergibyrået, IAEA, deltek og med ein observatør.

- Dette toktet vil gi verdifull informasjon om miljøtilstanden i havet nær Noreg, og også om utviklinga sidan dei tidlegare tokta, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.