Nye reguleringar i laksefisket i sjø og elv er vedtatt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 11.05.2012
Direktoratet for naturforvaltning vedtok 29. mars 2012 nye reguleringar i laksefisket i sjø og elv sør for Nord-Troms og Finnmark.
Direktoratet for naturforvaltning vedtok 29. mars 2012 nye reguleringar i laksefisket i sjø og elv sør for Nord-Troms og Finnmark. Etter klarsignal frå Miljøverndepartementet er nå også reguleringane for Nord-Troms og Finnmark fastsett. Fisketida i Nord-Troms og Porsangerfjorden blir noe utvida, mens fisket i fjordane i Vest-Finnmark, Tanafjorden, Varangerfjorden og langs kysten av Finnmark vidareføres på same nivå som i 2010 og 2011.
Dei nye reguleringane er basert på ei avveging av situasjonen for laksebestandane i Nord-Troms og Finnmark, vitskapeleg kunnskap, nye fiskesparande tiltak i Tanavassdraget, og omsynet til samisk kulturutøving og kystkultur. Det er også lagt vekt på anbefalingane frå eit arbeidsutval som har vært oppretta på grunnlag av ein rammeavtale mellom Miljøverndepartementet og Sametinget, sjølv om anbefalingane ikkje er følgt opp fullt ut. Dei nye reguleringane er konsultert med Sametinget i tråd med konsultasjonsavtalen mellom staten og Sametinget utan at det ble oppnådd einigheit.