Historisk arkiv

Solheim møtte Prins Charles i London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Korleis vi skal mette verdas befolkning utan å øydeleggje regnskogen, fiskebestandar og vassforsyning var tema under ein middag arrangert av HRH Prinsen av Wales i London tysdag 28. februar.

Korleis vi skal mette verdas befolkning utan å øydeleggje regnskogen, fiskebestandar og vassforsyning var tema under ein middag arrangert av HRH Prinsen av Wales i London tysdag 28. februar.

Ei rekkje ministrar frå ulike land, blant dei miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, deltok i middagen. Noreg bruker store summar på å verne om regnskogen, og vil òg auke satsinga på klimasmart landbruk i utviklingsland.

- Vi må løfte verdas folk ut av sult og fattigdom, utan at til dømes regnskogen blir rasert. Vi må diskutere korleis vi kan kombinere måla om å redde klimaet, auke produksjonen av mat og kjempe mot fattigdom, sa Solheim etter møtet.

Korleis vi skal auke produksjonen av mat utan å øydeleggje miljøet, var altså eitt spørsmål som blei stilt under middagen. Etter initiativ frå prinsen sjølve blei det vedteke å etablere ei arbeidsgruppe, der omsyn til miljø og produksjon av mat er temaet.

Det er ikkje mogleg å auke produksjonen av mat med dei naudsynte 70 prosent innan 2050 viss skogane i utviklingslanda vart øydelagde. Dei tropiske skogane spelar ei avgjerande rolle for livsopphaldet til milliardar av fattige, dei regulerer det lokale, regionale og globale nedbørsmønstret, og dei produserer vatn. Øydelagde skogar fører òg til enorme klimagassutslepp, og klimaendringar vil verke negativt inn på produksjonen av mat. Landbruk, som til dømes produksjon av palmeolje, kjøtt og soya, er den viktigaste årsaka til at skogane vert øydelagde.

Prinsen kjem på offisiell vitjing til Noreg, saman med hertuginne Camilla den tjuande mars. Det er venta at nettopp klimaspørsmål blir eit av tema han ynskjer å snakke om.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim møtte HKH prins Charles i London. (Foto: Miljøverndepartementet.)

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim møtte HKH prins Charles i London. (Foto: Miljøverndepartementet.)