Vitja regnskogsprosjekt i Amazonas
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 18.06.2012
Noreg støtter fleire prosjekter i Amazonas i Brasil for å minske avskoginga, og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell vitja to av dei denne helga.
Noreg støtter fleire prosjekter i Amazonas i Brasil for å minske avskoginga, og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell vitja to av dei denne helga.
Bård Vegar Solhjell og utviklingsminister Heikki Holmås fekk med eigne auge sjå korleis pengane frå Noreg si regnskogssatsing vert brukt. Dei fekk sjå nye bustader og skular, og nye teknikkar for å utnytte ressursane i regnskogen. Les mer om regjeringens klima- og skogprosjekt.
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Heikki Holmås i Amazonas
- Dette er god miljøpolitikk og god utviklingspolitikk. Gjennom prosjekta får fattige menneske i regnskogen ei ny start og nye moglegheiter, utan at dei hogg ned meir av skogen, seier Bård Vegar Solhjell. Han blei imponert over kva som på kort tid er oppnådd av dei som driv prosjekta i Brasil.
Avskoginga i Brasil er kraftig redusert dei seinaste åra, og er no på rekordlågt nivå. Dette skuldast til dels finanskrisa, men også betre handheving av lovar og alle dei ulike utviklingsprosjekta som får støtte mellom anna frå Amazonasfondet. Fondet blei lansert av Brasil i 2008 for at det internasjonale samfunnet skal kunne bidra til å redusere avskoginga.
- Det å ta vare på regnskogen er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redde klimaet i verda, seier Solhjell. Den reduserte avskoginga i Brasil dei siste åra sparar verda for klimagassutslepp svarande om lag ti gonger dei samla utsleppa i Noreg, seier Solhjell.
Noregs støtte til Brasil
Statsminister Jens Stoltenberg ga under si vitjing i Brasil i 2008 fråsegn om ei støtte på opp mot ein milliard dollar ut 2015 viss Brasil kan vise til gode resultat, noko dei i høgste grad har gjort so langt. Noreg har til no løyva 900 millionar kroner til Amazonasfondet.
Dei norske bidraga til Brasil blir bestemt etter kor mykje dei klarer å redusere avskoginga og med det utsleppa av CO2. Samla har Noreg sett av 2,55 milliardar kronar til landet dei fire siste åra.
Pengane til Amazonasfondet går til ei rekkje tiltak for å styrkje lokalsamfunnet og gjere dei til bolverk mot avskoging. Dette er til dømes registrering av eigedom, brannsikring, arealplanlegging, betre jordbruksmetodar, kommersiell utnytting av nøtter, frukt og bær frå regnskogen og betre kontroll av ulovleg verksemd i skogen.
På eitt av prosjekta som dei norske ministrane vitja, hadde dei mellom anna nettopp bygd skule, starta bank, butikk og moderne produksjon av paranøtter og cashewnøtter.
- Slik får regnskogen ein økonomisk verdi, og med det blir presset på skogen minska. Dei som bur der blir meir interessert i å bruke skogen enn å hogge den ned, seier Solhjell.
Bård Vegar Solhjell og Heikki Holmås er no i Rio for å delta på den store miljø- og utviklingskonferansen.
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Heikki Holmås møter lokalbefolkninga i Amazonas