Historisk arkiv

Førstehjelp for klimaet i Arktis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa gir 18 millionar kroner til arktisk miljøvernsamarbeid i 2013. I år er det spesielt tiltak retta mot såkalla ”kortliva klimadrivarar” som prioriterast.

Regjeringa gir 18 millionar kroner til arktisk miljøvernsamarbeid i 2013. I år er det spesielt tiltak retta mot såkalla ”kortliva klimadrivarar” som prioriterast.

 Gassar og partiklar, som sot og metan, har ein sterkt oppvarmande effekt, men forsvinn mykje raskare frå atmosfæren enn CO2 når utsleppa stansar. Ved å redusere slike utslepp, kan ein derfor raskt få redusert bidraget deira til oppvarminga i Arktis og globalt. I Arktis har sot som legg seg på snø og is særleg stor effekt.

- Eit krafttak for å redusere utslepp av sot, metan og andre kortliva klimadrivarar er førstehjelp for klimaet i Arktis. Dette vil få raskare effekt enn dei nødvendige reduksjonane av CO2-utsleppa kan gi aleine. Det kan og medverke til å bremse smelting av is og snø i Arktis. Denne smeltinga får store konsekvensar for det arktiske miljøet, og forsterkar oppvarminga både i Arktis og globalt, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

- Eg er svært fornøgd med at vi i Arktisk råd er blitt einige om å styrke innsatsen for å redusere utslipp av sot og metan regionalt. Dette kan opne for eit meir forpliktande samarbeid om kortliva klimadrivarar mellom medlemslanda, slik Noreg har arbeidd aktivt for, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Tilskottet omfattar også ei rekke arktiske miljøvernprosjekt innan klimaendringar i Arktis, bevaring av arktisk naturmangfald, havmiljø, reduksjon av forureining og miljøovervaking i Arktis. Mange av prosjekta skjer i regi av Arktisk råd, og tilskottet bidrar til aktiv norsk innsats under Arktisk råd. Midla forvaltast av Miljøverndepartementet, og kjem frå tilskotsordninga Arktisk samarbeid på Utanriksdepartementets budsjett.

Fakta kortliva klimadrivarar i Arktis:

• Havisen og breane i Arktis minkar raskt, noko som får store konsekvensar, ikkje berre for isbjørn og andre artar som lever i isen.

• Sot som legg seg på snø og is gjer snøoverflata mørkare, så den syg til seg meir varme frå sola. Dette fører igjen til at snø og is smeltar raskare.

• Når det er mindre område som er dekte av snø og is, vert jordoverflata og havet mørkare. Dette gir redusert refleksjon og auka opptak av solenergi på vatn- og jordoverflata i Arktis, med temperaturauke som resultat.

• Det er brei einigheit blant forskarane om at årsaka til issmeltinga er veksten i utsleppa av drivhusgassar. Men det er ikkje berre utsleppa av CO2 som er årsak til at isen i Arktis smeltar. Forskarane anslår at utslepp av sot og metan står for heile 30-40 prosent av dei menneskeskapte klimaendringane. Desse forsvinn mykje raskare frå atmosfæren når utsleppa stansar, enn tilfellet er for CO2.  

• Reduserte utslepp av slike kortliva klimadrivarar vil derfor bremse oppvarminga raskare enn reduksjonar i utsleppa av CO2 kan gjere aleine. Dette er særleg viktig i Arktis, der temperaturen stig to-tre gonger raskare enn gjennomsnittet for kloden, og der utsleppa av sot har stor effekt fordi snøoverflata vert mørkare og syg til seg meir varme frå sola.

• Det meste av sotutsleppa fell ned relativt nær utsleppskjelda. Utslepp som skjer i eller nær dei snø- og isdekte områda i Arktis, har derfor langt større effekt enn utslepp av slike partiklar lengre sør, der dei fell ned på mørkare overflater.   

-• I ein ny rapport frå januar i år (http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1002/jgrd.50171/abstract) er bidraget til den globale oppvarminga frå utslepp av sot vurdert å vere nær dobbelt så stort som berekna i IPCC sin fjerde hovudrapport i 2007.

• Rask reduksjon i utsleppa av slike kortliva klimadrivarar dei neste 20 åra vil kunne redusere oppvarminga i Arktis med om lag 0,7 gradar innan 2040, og auken i global middeltemperatur med om lag 0,5 grader fram mot 2050.

Les om kortliva klimadrivarar:

Miljøstatus i Noreg (http://www.miljostatus.no/Tema/Polaromradene/Arktis/Klima/Sot-og-klimaendringer-i-Arktis/)

Climate and Clean Air Coalition (http://www.unep.org/ccac/Publications/tabid/101654/Default.aspx)