Historisk arkiv

Klimaendringane truer dyre- og plantelivet i Arktis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Klimaendringane er den klart største trusselen mot naturmangfoldet i Arktis. Eit endra klima gjer at annan negativ påverknad, som miljøgifter, gjer meir skade på miljøet. Dette er ein hovedkonklusjon i rapporten Arctic Biodiversity Assessment, som blei presentert på ministermøtet til Arktisk råd i Kiruna i dag.

Klimaendringane er den klart største trusselen mot naturmangfoldet i Arktis. Eit endra klima gjer at annan negativ påverknad, som miljøgifter, gjer meir skade på miljøet.  Dette er ein hovedkonklusjon i rapporten Arctic Biodiversity Assessment, som blei presentert på ministermøtet til Arktisk råd i Kiruna i dag.

Klimaendringane vil føre til store forandringar i økosystema og i utbreiinga av artar i Arktis, både i havet og på land. Særleg akutt er trusselen for artar som er avhengige av sjøis, slik som sel og isbjørn. Både sjøisen og tundraområda kring Polhavet vil krympe i tiåra som kjem. For mange arktiske artar og naturtypar kan øyane lengst nord i Arktis bli dei einaste mogelege leveområda.

-Dette betyr at i framtida blir vern av naturen på Svalbard og andre arktiske øyer endå viktigare for bevaring av den opphavlege naturen i Arktis, seier miljøverminister Bård Vegar Solhjell.

-Eg har sjølv nylig sett korleis mindre sjøis vinterstid fører med seg store problem for ringselen på vestkysten av Svalbard. For berre ti år sidan var dette eit svært viktig område for ringsel. I dag er det knapt nokon ringselungar som overlever sitt første leveår i disse fjordstrøka. Kor store konsekvensane vil bli for dyrelivet i Arktis på lengre sikt, avheng av våre utslepp av CO2 og andre klimagassar. Det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på naturmangfoldet og artane i Arktis er derfor å redusere desse utsleppa så raskt det lar seg gjere, seier miljøvernministeren.

Rapporten viser og at påverknad frå industriell verksemd, med vegar, røyrleidningar og oppdemming aukar i delar av Arktis. Bunntråling og overbeiting utgjer og eit aukande press i delar av Arktis.

- For å unngå at ny aktivitet aukar belastninga på sårbare artar og område som allereie er negativt påverka av klimaendringane, treng vi eit nærare samarbeid mellom landa i Arktis om kunnskap og forvaltning av dei artane og økosystema som er mest sårbare. Det skal no lagast ein plan for korleis rapporten skal følgjes opp av Arktisk råd. Her vil miljøvernministrane i dei arktiske landa ha ei viktig rolle, seier miljøvernministeren.

Lenke til rapporten CAFF/ABA: www.arcticbiodiversity.is