Nasjonalparkstyre for Reinheimen nasjonalpark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 09.01.2013
Miljøverndepartementet oppnemner i dag nasjonalparkstyret som skal forvalte Reinheimen nasjonalpark, Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, Trollstigen landskapsvernområde, Romsdalen landskapsvernområde, Lordalen landskapsvernområde, Finndalen landskapsvernområde, Ottadalen landskapsvernområde og Brettingsmoen naturreservat.
Miljøverndepartementet oppnemner i dag nasjonalparkstyret som skal forvalte Reinheimen nasjonalpark, Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, Trollstigen landskapsvernområde, Romsdalen landskapsvernområde, Lordalen landskapsvernområde, Finndalen landskapsvernområde, Ottadalen landskapsvernområde og Brettingsmoen naturreservat.
Dette er eit ledd innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane, fylkeskommunane og Ottadalen villreinutvalg får gjennom deltaking i nasjonalparkstyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.
Det er særs gledeleg at Lesja, Lom, Norddal, Rauma, Skjåk og Våga kommunar saman med Oppland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Ottadalen villreinutvalg vil ta ansvaret med å forvalte dei unike naturverdiane i Reinheimen nasjonalpark, Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, Trollstigen landskapsvernområde, Romsdalen landskapsvernområde, Lordalen landskapsvernområde, Finndalen landskapsvernområde, Ottadalen landskapsvernområde og Brettingsmoen naturreservat.
- Nasjonalparkstyret får eit stort ansvar på vegner av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Nasjonalparkstyret for Reinheimen nasjonalpark vil bestå av Steinar Tronhus frå Lesja kommune, Bjarne Eiolf Holø frå Lom kommune, Per Magnus Berdal frå Norddal kommune, Tove Merete Røvik Istad frå Rauma kommune, Rolv Kristen Øygard frå Skjåk kommune, Iselin Jonassen frå Vågå kommune, Rannveig Brennhaug frå Ottadalen villreinutvalg, Mariann Isumhaugen frå Oppland fylkeskommune og Frøydis Austigard frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Nasjonalparkstyret skal fatte avgjerder og gjennomføre tiltak innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskriftene slik at naturverdiane i nasjonalparken og landskapsvernområdet vert sikra for komande generasjonar.
Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)) som Stortinget har slutta seg til.