Solhjell tek mot miljøministeren frå Sør-Afrika
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2013
Sør-Afrika sin miljøvernminister Edna Molewa er i Noreg 20 til 22 juni for å markere det tette samarbeidet om miljøspørsmål mellom dei to landa. Ho møter miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i morgon, fredag.
Sør-Afrika sin miljøvernminister Edna Molewa er i Noreg frå 20 til 22 juni for å markere det gode og tette samarbeidet om miljøspørsmål mellom dei to landa. Ministeren skal møte miljøvernminister Bård Vegar Solhjell for å understeikne ei intensjonserklering for det bilaterale samarbeidet, og for å diskutere klima, hav og andre aktuelle miljøspørsmål.
Solhjell møter Molewa klokka 1400 fredag 21. juni. Journalistar som ynskjer å treffe dei to, kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Jon Berg på jon.berg@md.dep.no eller 90569495
Minister Molewa skal også møte utviklingsminister Heikki Holmås under vitjinga.