Historisk arkiv

Storslagent fjordlandskap blir med i Stølsheimen landskapsvernområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Stølsheimen landskapsvernområde i Vik kommune i Sogn og Fjordane blei i statsråd i dag utvida med om lag 4 km2. Initiativet til utvidinga kjem frå grunneigarane. Utvidinga gjer at heile den praktfulle Finnafjorden kjem med i verneområdet. Finnafjorden er den einaste fjordarmen til Sognefjorden som er heilt utan bilveg.

Pressemelding

Dato: 16.12.05

Miljøvernminister Helen Bjørnøy:

- Storslagent fjordlandskap blir med i Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen landskapsvernområde i Vik kommune i Sogn og Fjordane blei i statsråd i dag utvida med om lag 4 km2. Initiativet til utvidinga kjem frå grunneigarane. Utvidinga gjer at heile den praktfulle Finnafjorden kjem med i verneområdet. Finnafjorden er den einaste fjordarmen til Sognefjorden som er heilt utan bilveg.

- Utvidinga tilfører Stølsheimen landskapsvernområde store verneverdiar som vert sikra for framtida, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Finnafjorden utgjer ein sentral del av Stølsheimen og er den einaste staden der verneområdet går ned til havet. Her fins eit heilskapleg fjordlandskap med både urørt natur og eit verdfullt kulturlandskap.

Finnafjorden. Foto: Tom DybwadKulturlandskapet på Finden er saman med bygningsmiljøet på garden ein svært viktig del av opplevinga i Finnafjorden. Området har stor verdi for friluftsliv, særleg fotturar og båtliv. Området er òg leveområde for m.a. kongeørn, havørn og kvitryggspett, som er arter på den norske raudlista over trua og sårbare artar.
Finnafjorden utgjer ein sentral del av Stølsheimen og er den einaste staden der verneområdet går ned til havet. Foto: Tom Dybwad.

- Vernet vil ikkje vere til hinder for at noverande aktivitetar kan halde fram, men vil sikre området mot eventuelle aktivitetar som kan skade verneverdiane.

Etter utvidinga blir verneområde på 377 km2.

Les mer om Stølsheimen hos Direktoratet for naturforvaltning

Kontaktperson: Rådgjevar Geir Paulsen, tlf. 62 53 11 51 / 22 24 48 37