Historisk arkiv

- Gebyr sikrar berekraftig vilt- og fiskebestand på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har fastsett forskrift om satsar for gebyr for mellom anna jakt, fangst og fiskekort på Svalbard. Gebyra skal vere med å finansiere Svalbards miljøvernfond. Fondsmidlane vil bli nytta til tiltak som kan sikre at hausting og anna bruk av naturen skjer på ein måte som er i samsvar med dei høge miljømåla for Svalbard.

Pressemelding

Dato: 22.12.06

Miljøvernminister Helen Bjørnøy:

- Gebyr sikrar berekraftig vilt- og fiskebestand på Svalbard

Miljøverndepartementet har fastsett forskrift om satsar for gebyr for mellom anna jakt, fangst og fiskekort på Svalbard. Gebyra skal vere med å finansiere Svalbards miljøvernfond. Fondsmidlane vil bli nytta til tiltak som kan sikre at hausting og anna bruk av naturen skjer på ein måte som er i samsvar med dei høge miljømåla for Svalbard.

- Jakt- og fiskekortordninga er eit viktig verkemiddel for å sikre at haustinga er berekraftig, og at artane blir forvalta i samsvar med dei høge miljømåla vi har sett oss. Svalbard miljøvernfond er ei stadfesting av regjeringa sitt engasjement for at Svalbard skal vere verdas best forvalta villmarksområde, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Det i allereie i dag eit krav om at den som skal hauste på Svalbard må løyse kort eller ha fellingsløyve. Den nye forskrifta inneber at ein må betale eit mindre gebyr for jakt- og fiskekort og for å avleggje teoretisk eksamen ved jegerprøva slik systemet er i dag på fastlandet. Gebyrordninga skal gjelde frå 1. januar 2007.

Svalbardmiljølova set krav om jakt- og fiskekort for å kunne hauste på Svalbard, og gjev departementet heimel til i forskrift å fastsetje gebyr for kort og felling. Fondsmidlar kan mellom anna nyttast til overvaking og kartleggjing av ulike artar. På denne måten kan ein innhente meir kunnskap om artane og korleis dei blir påverka av jakt og fiske. Dermed vil inntektene frå gebyra bli kanaliserte tilbake til bidragsytarane og kome jegarar og fiskarar til gode.

Dei høge miljømåla for Svalbard talar for at regelverket skal vere minst like strengt på Svalbard som på fastlandet, og det er difor ikkje er urimeleg å krevje gebyr for hausting på Svalbard på lik linje med fastlandet. Det er likevel lagt vekt på at moglegheitene for jakt og fiske på Svalbard er mindre enn på fastlandet, blant anna på grunn av det låge talet på artar som kan haustast, og kortare jaktsesong. Gebyrsatsane er difor sett lågare enn på fastlandet og varierer mellom 100-300 kr.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Tore Ising tlf. 913 31 728