Historisk arkiv

- Miljøgebyr gjev felles innsats for vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at alle som besøker Svalbard skal betale eit miljøgebyr. Gebyret skal vere med å finansiere vern og tilrettelegging for berekraftig bruk av miljøet på Svalbard gjennom Svalbards miljøvernfond. Gebyrordninga skal gjelde frå 1. april 2007.

Pressemelding

Dato: 22.12.06

Miljøvernminister Helen Bjørnøy:

- Miljøgebyr gjev felles innsats for vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at alle som besøker Svalbard skal betale eit miljøgebyr. Gebyret skal vere med å finansiere vern og tilrettelegging for berekraftig bruk av miljøet på Svalbard gjennom Svalbards miljøvernfond. Gebyrordninga skal gjelde frå 1. april 2007.

- Eg ser miljøgebyret som eit løft og ei stadfesting av regjeringa sitt engasjement for at Svalbard skal vere verdas best forvalta villmarksområde. Svalbardnaturen er svært sårbar, og det koster å ta vare på Svalbard si spesielle villmark, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Forskrifta som er vedteke i dag inneber at alle som besøker Svalbard frå 1. april neste år skal betale eit miljøgebyr på kr 150 ved reiser til landområde og indre farvatn på Svalbard. Gebyrplikta er knytt til kjøp av flybillett eller cruisebillett ved at gebyret blir lagt direkte på billettprisen og krevd inn av cruiseselskapa og flyselskapa. Plikta til å betale vil ikkje gjelde for dei fastbuande på Svalbard, og det vil difor bli etablert ei refusjonsordning for dei administrert av Sysselmannen. Inntektene frå miljøgebyret skal gå inn i Svalbard miljøvernfond. Fondet sine midlar kan berre brukast til tiltak som har til formål å verne miljøet. Basert på talet på reisande vil eit gebyr på kr 150 gje ei inntekt på ca 8,2 mill. kr til miljøvernfondet årleg. Inntektene i 2007 vil vere omlag 5 mill. kr

Ein av dei største utfordringane på Svalbard er å meistre ferdsel på ein positiv måte. Utan tiltak kan det bli vanskeleg å ta vare på, men også legge til rette for berekraftig bruk av Svalbard si spesielle villmark. Via miljøgebyret er dei reisande med på å ta vare på dei unike villmarksområda og kulturminna etter prinsippet om at miljøpåverker skal betale, eit prinsipp som er viktig i regjeringa si miljøpolitikk

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Tore Ising 913 31 728