Hallingskarvet nasjonalpark oppretta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 22.12.2006 | Sist oppdatert: 07.01.2007
Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde er oppretta av Kongen i statsråd i dag. Nasjonalparken er på omlag 450 kvadratkilometer, der 49 prosent er statsgrunn. Også biotopvernområdet på omlag 6,7 kvadratkilometer er statsgrunn. Vernet skal sikre landskapet og plante- og dyrearter i Hallingskarvet.
Pressemelding
Dato: 22.12.06
Miljøvernminister Helen Bjørnøy:
Hallingskarvet nasjonalpark oppretta
Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde er oppretta av Kongen i statsråd i dag. Nasjonalparken er på omlag 450 kvadratkilometer, der 49 prosent er statsgrunn. Også biotopvernområdet på omlag 6,7 kvadratkilometer er statsgrunn. Vernet skal sikre landskapet og plante- og dyrearter i Hallingskarvet.
Hallingskarvet sett fra sør. Foto: Johan Brun.
Hallingskarvet er eit stort, særmerkt fjellområde med få tekniske inngrep. Her finst viktige verdiar knytt til geologi og landskapsform. Ein kan lese den geologiske historia i området tydeleg i landskapet. Vernemotivet er også å sikre verdifulle vassdrag, mellom anna fleire som allereie er verna mot kraftutbygging, og å ta vare på kulturminne.
- Det har vore viktig for meg å sikre dette området, også fordi det er ein del av leveområdet for villreinen i Nordfjella villreinområde, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.
Nasjonalparken omfattar sjølve Hallingskarvplatået og høgfjellsområda vestover til austre Låghellerhøgdene nordvest for Finse. Det er registrert fleire spesielle arter i området, mellom anna truga plantearter som tinderublom og handmarinøkkel. Området er mykje nytta til friluftslivsaktivitetar. Det finst eit omfattande nett av stigar og skiløyper her.
- Vernet vil sikre at alle framleis har gode høve til å oppleve den spennande naturen i området gjennom tradisjonelt, enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging, seier Bjørnøy.
Hellevatnet med utsikt mot Hellevassfonne og de mektige stupkantene vest for Folarskardet. Foto: Aurland naturverkstad.
Nasjonalparken ligg i Hol kommune i Buskerud, i Ulvik herad i Hordaland og i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Biotopvernområdet ligg i Ulvik herad. Formålet med biotopvernområdet er å sikre eit viktig trekkområde for villrein og binde saman leveområde for villreinen på Hardangervidda og i Nordfjella.
Vernevedtaket er ei oppfølging av St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge.
- Informasjonsark (pdf)
- Oversiktskart: Verneplan – Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde (pdf)
- Kongelig resolusjon - Verneplan for Hallingskarvet (pdf)
- Forskrift om Verneplan for Hallingskarvet - Vern av Hallingskarvet nasjonalpark i Hol kommune i Buskerud fylke, Ulvik herad i Hordaland fylke og Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke (Lovdata)
- Forskrift om Verneplan for Hallingskarvet - Vern av Finse biotopvernområde i Ulvik herad i Hordaland fylke (Lovdata)
Kontaktperson: Rådgjevar Ove Bakken, tlf. 22 24 60 13