Historisk arkiv

Auka vrakpant for tungt forureinande dieselkøyretøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet aukar vrakpanten for sterkt forureinande dieselkøyretøy. Panten aukast frå 1.500 kroner til 5.000 kroner. – Ved å auke vrakpanten for dei mest forureinande køyretøya tek vi eit krafttak for betre luftkvalitet og lokalmiljø, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Miljøverndepartementet aukar vrakpanten for sterkt forureinande dieselkøyretøy. Panten aukast frå 1.500 kroner til 5.000 kroner. – Ved å auke vrakpanten for dei mest forureinande køyretøya tek vi eit krafttak for betre luftkvalitet og lokalmiljø, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy. 

Miljøverndepartementet aukar vrakpanten for einskilde køyretøyklasser som har dei største utsleppa av partiklar og nitrogenoksid. 

- Med dette tiltaket gjer vi det lettare for eigarane å vrake dei mest forureinande køyretøya i bilparken. Dette er eit effektivt og målretta miljøtiltak, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.
  
Samstundes aukar Regjeringa dieselavgifta med 20 øre pr liter og differensierer årsavgifta slik at ho blir høgare for dieselbilar utan fabrikkmontert partikkelfilter enn for andre bilar
 
- Til saman ventar vi at dette vil medverke til mindre utslepp frå vegtrafikken, seier Bjørnøy.
 
Den auka vrakpanten gjeld mellombels fram til 31. desember 2008. Bjørnøy håpar mange vil nytte seg av tilbodet som vil gjelde totalt 30.000 norske køyretøy.

Vrakpanten for dieselkøyretøy vil såleis auke til 5.000 kroner for:

  • personbilar på mellom 2.501 og 3.500 kg tillate totalvekt produsert inntil 1990
  • varebilar klasse 2 på mellom 1.251 og 1.700 kg referansevekt produsert inntil 1991
  • varebilar klasse 3 på over 1.700 kg referansevekt produsert inntil 1991
  • bussar til og med 3.500 kg tillate totalvekt produsert inntil 1991
  • bussar på mellom 3.501 og 7.499 kg tillate totalvekt produsert inntil 1992
  • og lastebilar på mellom 3.501 og 7.499 kg tillate totalvekt produsert inntil 1992

Les mer om miljøvernbudsjettet 2008