Rike lauvskogar i Sogn og Fjordane er verna som naturreservatar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 19.06.2009
Kongen har i Statsråd i dag vedteke verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane. Det er tolv kvadratkilometer med lauvskogar som nå er verna. Desse er fordelt på 13 naturreservat i 11 kommunar. Edellauvskogar er skogar med lauvtre som likar varme og ofte veks i sørvendte, solrike lier.
Kongen har i Statsråd i dag vedteke verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane. Det er tolv kvadratkilometer med lauvskogar som nå er verna. Desse er fordelt på 13 naturreservat i 11 kommunar. Edellauvskogar er skogar med lauvtre som likar varme og ofte veks i sørvendte, solrike lier. Desse skogane har høg produksjon og er rike på naturmangfald. Mange sjeldne plantar, sopp og lav trivs godt i edellauvskogane. Dei vanligaste trea er lind, alm, eik, hassel og svartor.
- Arbeida med verneplanen starta i 2003 og det er ein grundig prosess som no vert avslutta. Dette vernet er viktig for å nå målet om å stanse tapet av naturmangfald. Eg er difor glad for at desse rike skogane no blir verna, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Lindvik. Foto: Johannes Aanonby, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Fordi Sogn og Fjordane har større klimatisk spennvidde enn noe anna fylke i Noreg, er edellauvskogane her spesielt interessante. Den spesielle rikdommen knytt til edellauvskog skyldes naturlige faktorar som gunstig varmeklima og/eller rikt jordsmonn, og ofte også gammal kulturpåverknad.
Verneplanen søkjar å dekke opp den store variasjonen i edellauvskogstypane i Sogn og Fjordane. I den eine enden av skalaen ligg edellauvskog i Lærdal, dominert av plantar som likar sommarvarme, ofte er tørkesterke og toler mykje vinterkulde. I den andre enden ligg edellauvskog på øyane ytst på kysten, med plantar som krev milde vintrar men ikkje set så høge krav til sommarvarme. Spesielt for områda er det store mangfaldet av artar, blant dei mange rødlista eller regionalt sjeldne sopp, mosar og lav knytt til gammal edellauvskog, store lauvtre, død ved av edle lauvtre eller gammalskog og død ved generelt.
Frå Indre Åse. Foto: Johannes Aanonby, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Meir informasjon
- Informasjonsark frå Direktoratet for naturforvaltning (pdf)
- Kongeleg resolusjon (pdf)
- Forskrifter (Lovdata)