Auka satsing mot krypsiv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.2010
Miljøverndepartementet aukar innsatsen i kampen mot krypsiv og sett av tre millionar kroner på budsjettet for neste år.
Miljøverndepartementet aukar innsatsen i kampen mot krypsiv og sett av tre millionar kroner på budsjettet for neste år.
- Tiltak for å avgrense problema med krypsiv er høgt prioritert. Sivet trugar naturmangfaldet og skapar store problem for mellom anna ferdsel, fiske, friluftsliv og kraftproduksjon, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Krypsiv er i ferd med å dekke store område i fleire av våre viktigaste vassdrag på Sørlandet. Nøyaktig kvifor krypsiv er blitt eit så stort problem, og korleis vi best kan kjempe mot den, veit vi framleis for lite om. Vi må auke innsatsen med å fjerne krypsiv i prioriterte delar av vassdraga. Samstundes må vi auke kunnskapen om årsaker, og om effekten av tiltak. Målet er å redusere vidare vekst og oppnå gode økologiske forhold i vassdraga, i tråd med målet for vassforskriften.
Aktuelle tiltak i kampen mot krypsiv kan mellom anna vere å fjerne krypsivet med maskinar eller harve opp tørrlagde elvebankar, og klipping eller tildekking med duk og sand for å skape nye badeplassar.