Auka satsing på godt vassmiljø med 15 millionar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.2010
Miljøverndepartementet sitt budsjett for vassmiljø blir auka med 15 millionar kroner. Det er starten på eit stort løft for vassmiljøet i Noreg.
Miljøverndepartementet sitt budsjett for vassmiljø blir auka med 15 millionar kroner. Det er starten på eit stort løft for vassmiljøet i Noreg.
- Hittil har vi planlagt for utvalde område. No skal vi utvide til å lage heilskaplege planar for alt vatn i Noreg, både ferskvatn, grunnvatn og kystvatn, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Miljøverndepartementet styrker budsjettet for planarbeidet i regionane med fire millionar kroner. Vatnet blir forvalta på tvers av sektorar og administrative grenser. Dette krev eit stort engasjement lokalt og regionalt.
Elleve fylkeskommunar er vassregionstyresmaktar og har eit stort ansvar for at alle krefter spelar på lag slik at planane kan bli så gode som mogleg. Også dei andre fylkeskommunane og involverte kommunar skal bidra til arbeidet. Fylkesmennene har brei miljøkompetanse og skal bidra til at kunnskapsgrunnlaget er av god kvalitet. Regionane skal vere ferdige med sitt arbeid i 2014.
Eit godt planarbeid krev eit godt kunnskapsgrunnlag. Miljøverndepartementet styrker difor også budsjettet for overvaking av vassressursane med fem millionar kroner, og utgreiingsbudsjettet med ein million kroner.
Miljøverndepartementet aukar også innsatsen mot krypsiv med tre millionar kroner. Klima- og forureiningsdirektoratet får auka sitt budsjett med to millionar kroner til tiltak i samband med vassforvaltninga.