Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim:
Møre og Romsdal får 36 nye naturreservat for sjøfugl
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 28.05.2010
Kongen har i statsråd i dag oppretta 36 nye naturreservat for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal. Vernet skal sikre bevaring av viktige hekkeområde for sjøfugl med tilhøyrande plante- og dyreliv på land og i sjø, og beskytte sjøfugl mot forstyrring i hekketida.
Kongen har i statsråd i dag oppretta 36 nye naturreservat for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal. Vernet skal sikre bevaring av viktige hekkeområde for sjøfugl med tilhøyrande plante- og dyreliv på land og i sjø, og beskytte sjøfugl mot forstyrring i hekketida.
- Sjøfuglbestandane våre er under aukande press. Endringar i fødetilgang og klima, utbygging og attgroing av hekkeområde og forstyrring under hekkinga er nokre av truslane. Eg er glad vi nå får verna disse viktige hekkeområda i Møre og Romsdal. Det er viktig at alle nå støttar opp om vernet, slik at det kan få god effekt, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Dei 36 naturreservata er fordelt på 19 kommunar, og utgjer totalt om lag 53 km2. Av dette er 6 km2 land og 47 km2 tilhøyrande sjøareal.
Storskarv. Foto: Asbjørn Børset.
Avgrensing av verneområda og utforming av verneforskriftene er tilpassa lokale forhold og brukarinteresser så langt mogleg. Fiske, ferdsel på sjø og dykking tillates, og det er lagt til rette for vidareføring av husdyrbeite. Det er òg lagt til rette for etterbruk av fyr og for Kystverkets sine nødvendige aktivitetar. I nokre av områda kan hausting av tare halde fram, mens andre stengast for tarehausting av omsyn til hekkande skarv og teist.
All ferdsel i verneområda skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Ferdsel på land i hekkeområda vert med nokre unntak forbode i hekkesesongen 1. mai - 31. juli. Av omsyn til behov for informasjon og merking trer verneforskriftene først i kraft etter årets hekkesesong, det vil seie 1. august 2010. Områda har fram til det likevel status som vedtekne verneområde, og det er ikkje er lov til å gjere noko som kan true verneverdiane i områda. Der attgroing er et problem, skal det utarbeidast skjøtselsplanar for områda.
Denne verneplanen er den siste av de tematiske fylkesvise verneplanane i Møre og Romsdal. Oppgåva med å oppretta verneplanar for myr, edellauvskog, havstrand/elveos, våtmark og hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal er dermed fullført.
Orskjera. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Faktaark
Verneplan for hekkende sjøfugl i Møre og Romsdal (pdf)
Oversiktskart
Verneplan for hekkande sjøfugl - Møre og Romsdal fylke (pdf)
Kongelig resolusjon
Verneplan for hekkende sjøfugl i Møre og Romsdal
Forsrifter
36 forskrifter (Norsk Lovtiden)
- Grip naturreservat, 0,801 km2 i Kristiansund kommune
Kart (pdf) - Vegsundholmane – Veibustholmen naturreservat, 0,355 km2 i Ålesund og Sula kommuner
Kart (pdf) - Eggholmane – Lisjeholmen naturreservat, 3,274 km2 i Sande kommune
Kart (pdf) - Riste naturreservat, 1,568 km2 i Sande kommune
Kart (pdf) - Nupafjellet naturreservat, 1,141 km2 i Sande kommune
Kart (pdf) - Svinøya naturreservat, 0,539 km2 i Herøy kommune
Kart (pdf) - Muleneset naturreservat, 0,447 km2 i Herøy kommune
Kart (pdf) - Sandøya - Vattøya naturreservat, 2,007 km2 i Ulstein kommune
Kart (pdf) - Eggholmen naturreservat, 0,172 km2 i Ulstein kommune
Kart (pdf) - Flørauden naturreservat, 0,234 km2 i Ulstein kommune
Kart (pdf) - Vindfarholmen naturreservat, 0,052 km2 i Volda kommune
Kart (pdf) - Erkna naturreservat, 1,007 km2 i Giske kommune
Kart (pdf) - Langholmen naturreservat, 0,717 km2 i Giske kommune
Kart (pdf) - Storholmen naturreservat, 0,406 km2 i Giske kommune
Kart (pdf) - Sætredalen naturreservat, 0,337 km2 i Giske kommune
Kart (pdf) - Gjøsundholmen naturreservat, 1,824 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Måsehamrane naturreservat, 0,176 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Haramsøya vestside naturreservat, 0,901 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Kjepina naturreservat, 0,064 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Husfjellet naturreservat, 0,181 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Svetlingane naturreservat, 0,119 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Rødholmen naturreservat, 0,438 km2 i Haram kommune
Kart (pdf) - Feøya naturreservat, 0,404 km2 i Vestnes kommune
Kart (pdf) - Vistdalsholmen naturreservat, 0,127 km2 i Nesset kommune
Kart (pdf) - Prestholmen naturreservat, 0,084 km2 i Nesset kommune
Kart (pdf) - Tautra vest naturreservat, 1,603 km2 i Midsund kommune
Kart (pdf) - Sveltingen naturreservat, 0,150 km2 i Sandøy kommune
Kart (pdf) - Røssholmen – Skjela - Oterholmen naturreservat, 3,406 km2 i Sandøy kommune
Kart (pdf) - Saltstein - Kløvningen naturreservat, 12,082 km2 i Aukra/Sandøy kommune
Kart (pdf) - Orholmen - Grøningen naturreservat, 4,174 km2 i Aukra kommune
Kart (pdf) - Tromskjera - Mannskjera naturreservat, 2,712 km2 i Averøy og Eide kommuner
Kart (pdf) - Orskjera naturreservat, 10,696 km2 i Averøy/Eide kommune
Kart (pdf) - Fugløya naturreservat, 0,261 km2 i Kristiansund kommune
Kart (pdf) - Bøfjordholmane naturreservat, 0,334 km2 i Surnadal kommune
Kart (pdf) - Eidsholmen naturreservat, 0,107 km2 i Aure kommune
Kart (pdf) - Skalmen naturreservat, 0,232 km2 i Smøla kommune
Kart (pdf)
Endringsforsrifter
- Flø fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding, Ulstein kommune (Norsk Lovtidend)
Kart (pdf) - Forskrift om endring av forskrift om fredning av enkelte fuglearter på fyrstasjonar (Norsk Lovtidned)
Skalmen. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.