Planar for betre vassmiljø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 11.06.2010
Kongen har i statsråd i dag godkjent dei fyrste planane for heilskapleg vassforvaltning.
Kongen har i statsråd i dag godkjent dei fyrste planane for heilskapleg vassforvaltning.
- Med desse planane tek vi det fyrste ordentlige skrittet på vegen mot ei meir heiskapleg og samordna vassforvaltning, med klåre miljømål for vassdrag, grunnvatn, fjord og kystvatn, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Planane føreslår tiltak for korleis vi skal oppnå god tilstand i vatnet i løpet av dei neste seks åra. I denne fyrste fasen dekkjer planane om lag 20 prosent av vassførekomstane i Noreg.
Når det gjeld vassmiljø, har Noreg eit godt utgangspunkt. Det er mykje vatn og tilstanden i mykje av vatnet er god, men det fins også utfordringar. Det er nok å nemne sukkertaredød, tørrlagde elvestrekningar, laks/lus og forureina sediment i fjordar og hamner.
Desse planane freistar å sjå dei ulike utfordringane i samanheng. Dei viktigaste og mest kostnadseffektive tiltaka skal gjennomførast fyrst, og det er forureinar, eller påverkar, som skal betale tiltakskostnadene. Planane er laga regionalt og lokalt, og skal også gjennomførast der.
Elleve fylkekommunar er vassregionstyresmaktar og skal leie arbeidet med gjennomføring av planane og utarbeiding av nye. Når planane i neste planrunde skal dekkje heile Noreg, vil arbeidet bli endå meir krevjande, og det er stor trong for kunnskap.
- Eg oppmoder alle til å engasjera seg i vassmiljøet sitt, seier Erik Solheim.