Historisk arkiv

Strandsonen må prioriterast føre utbygging i Os kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim seier nei til reguleringsplan for bygging i strandsona i Os kommune utanfor Bergen.

- Denne utbygginga er ikkje i samsvar med nasjonal strandsonepolitikk og kan difor ikkje bli godteke, seier Erik Solheim.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for Leirvika Søvik i Os kommune. Planen opner for bygging av utleigehytter og naust i 100-metersbeltet langs sjøen. Utbygginga vil gje inngrep i landskapet og hindre allmenn bruk. Departementet tek difor innsvendinga frå Fylkesmannen i Hordaland til følgje.

Den nye plan- og bygningsloven gir eit klårt signal til kommunane om ein strengare praksis for bygging nær sjøen. Dette gjeld særleg for pressområda. Os kommune ligg nær Bergen og er ein kommune med stort press på strandsona.

I denne saka har departementet også lagt vekt på at Statens vegvesen har kome med innvending ut frå omsynet til trafikktryggleiken på den tilgrensa fylkesvegen.