Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

Styrka satsing på nasjonalparkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Regjeringa foreslår å auke budsjettet til dei store naturvernområda i 2012 med til saman 132 millionar kroner. Pengane skal gå til forvaltning, skjøtsel og tilrettelegging, naturoppsyn og erstatningar.


- Verneområda våre er viktige for å ta vare på mykje av den flottaste naturen vi har, og dei artane og naturtypane som finst der. Eg er derfor glad for at vi også i 2012 styrkar forvaltninga av nasjonalparkane og dei andre store verneområda, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Forvaltninga av verneområda blir styrka gjennom etablering av lokal forvaltning. Innføring av den nye modellen for lokal forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde er snart fullført. Regjeringa aukar budsjettet til verneområdeforvaltarar med 17 millionar kroner. Dette gjer at dei resterande forvaltarane kan tilsettast i 2012.

Verneområdestyra får óg åtte millionar kroner til disposisjon til skjøtsel og tilrettelegging i verneområda. I tillegg er det ei auke til naturoppsyn, mellom anna til oppretting av to nye stillingar i Statens naturoppsyn knytt til dei nye nasjonalparkene Langsua i Oppland og Rohkunborri i Troms.

Av omsyn til venta erstatningsutbetalingar i samband med gjennomføring av nasjonalparkplanen, aukar løyvingane til nasjonalparkane i tillegg med 100 millionar kroner.

I tillegg er posten som erstattar fylkesvise verneområde styrkt med sju millionar kroner.

Les mer om mål i miljøpolitikken i brosjyren "Norske miljømål": 

Norske miljømål logo. 

Norske miljømål logo. (Miljøverndepartementet)