Historisk arkiv

Miljøverndepartementet har nå oppnemnt verneområdestyret som skal forvalte Ålfotbreen landskapsvernområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane og fylkeskommunen får gjennom deltaking i verneområdestyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.

Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane og fylkeskommunen får gjennom deltaking i verneområdestyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.

Det er særs gledeleg at Bremanger, Flora og Gloppen kommunar saman med, Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Ålfotbreen landskapsvernområde. Verneområdestyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Oppnemning av verneområdestyret skjer etter at miljø- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneområde til å delta i forvaltninga av verneområda innanfor sine grenser.

Verneområdestyret for Ålfotbreen landskapsvernområde vil bestå av, Kåre Olav Svarstad frå Bremanger kommune, Bente Frøyen Steindal frå Flora kommune, Anders Ryssdal  frå Gloppen kommune og Karianne Torvanger frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Verneområdestyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innafor ramma av naturmangfaldlova og verneforskriftene slik at naturverdiane i Ålfotbreen landskapsvernområde vert sikra for komande generasjonar.

Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneområde elles i landet, vert oppnemnd fortløpande.