Historisk arkiv

Verneområdestyre for landskapsvernområder i Hordaland og Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet oppnemner i dag verneområdestyre som skal forvalte Nærøyfjorden landskapsvernområde, Bleia-Storebotn landskapsvernområde og naturreservata Bleia, Grånosmyrane og Nordheimsdalen.

Miljøverndepartementet oppnemner i dag verneområdestyre som skal forvalte Nærøyfjorden landskapsvernområde, Bleia-Storebotn landskapsvernområde og naturreservata Bleia, Grånosmyrane og Nordheimsdalen.

Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane og fylkeskommunen får gjennom deltaking i nasjonalparkstyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.

- Det er særs gledeleg at Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar saman med, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Nærøyfjorden landskapsvernområde og tilliggjande verneområde. Verneområdestyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Oppnemning av verneområdestyret skjer etter at miljø- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneområde til å delta i forvaltninga av verneområda innanfor sine grenser.

Verneområdestyret for Nærøyfjorden landskapsvernområde vil bestå av: Olav Ellingsen frå Aurland kommune, Arne Sanden frå Lærdal kommune, Marta F. Halset frå Vik kommune, Gunn Berit Lunde Aarvik frå Voss kommune, Gunnvor Sønnesyn frå Hordaland fylkeskommune og Arnstein Menes frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Verneområdestyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innafor ramma av naturmangfaldlova og verneforskriftene slik at naturverdiane i Nærøyfjorden landskapsvernområde og dei tilliggjande verneområda vert sikra for komande generasjonar.

Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneområde elles i landet, vert oppnemnd fortløpande.