Historisk arkiv

Ei formidabel fornybarsatsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

–Fornybar energi er kjernen i løysinga av klimaproblemet. Vindkraftprosjektet i Rogaland kombinerar ei fornybar framtid med å ta vare på dei viktigaste naturverdiane våre, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

–Fornybar energi er kjernen i løysinga av klimaproblemet. Vindkraftprosjektet i Rogaland kombinerar ei fornybar framtid med å ta vare på dei viktigaste naturverdiane våre, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

I lag med olje- og energiminister Ola Borten Moe la han torsdag fram det største samla vindkraftprosjektet i Noreg. Olje- og energidepartementet har gjeve konsesjon til fem vindkraftverk i kommunane Bjerkreim, Hå og Gjesdal i Rogaland.

–Vi treng ei gradvis overgang frå fossil til fornybar energi. Da må vi bygge ut meir fornybar energi fleire stader i verda. Norsk vindkraft er ein liten del av dette bildet, seier Bård Vegar Solhjell.

Han understrekar at det er positivt å bygge ut store vindkraftanlegg der forholda ligg til rette for det og det er stor lokal vilje.

–All produksjon av energi har miljøkonsekvensar. Nokre av dei omsøkte prosjekta i Rogaland er blitt endra eller har fått avslag av omsyn til rovfugl. Slik har vi kombinert vindkraftutbygging og miljøomsyn på ein god måte, seier Solhjell.

Les mer om konsesjonen på Olje- og energidepartementets nettsider.