MD godtek ny handelsverksemd på Danebo i Vestfold på bestemte vilkår
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 12.09.2012
Miljøverndepartementet godtek ny handelsverksemd på ei tomt som er eigd av Ikea på Danebo i Vestfold. – Vi krev framleis streng handheving av forbodet mot kjøpesenter langs E 18, men godtek dette eine unntaket på bestemte vilkår, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Miljøverndepartementet godtek ny handelsverksemd på ei tomt som er eigd av Ikea på Danebo i Vestfold. – Vi krev framleis streng handheving av forbodet mot kjøpesenter langs E 18, men godtek dette eine unntaket på bestemte vilkår, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
– Vi ønskjer levande byar og minst mogeleg unødig bilbruk. Handelsverksemder som sel varar til privatpersonar bør derfor ligge i byane der folk bur, ikkje ute langs vegane. Samtidig må vi bli enda flinkare til å bruke areala våre effektivt. Kommunar og fylke må ta ansvar for dette gjennom si arealplanlegging, seier Solhjell.
Fylkeskommunen ville gje eit enkelt unntak frå forbodet mot handelsverksemd langs E 18 for å legge til rette for etablering av eit IKEA-varehus på Danebo mellom Sandefjord og Larvik. Saka er sendt Miljøverndepartementet for avgjersle.
– Dette har vore ei vanskeleg sak som har teke lang tid. Vi måtte vege behovet for å unngå kjøpesenter langs E18 opp mot det sterke lokale ønsket om å legge til rette for ei regional handelsverksemd i denne bestemte saka. Etter ei nøye vurdering har vi vald å akseptere fylkeskommunens ønske om å legge til rette for etablering av IKEA på Danebo, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Føresetnaden er at det ikkje må etablerast meir handel langs E 18. Dette sikrast gjennom vedtekter i den regionale planen og skal følgjast opp i reguleringsplanen for området. Ei anna føresetnad er at det gjennomførast tiltak for å redusere bilbruken. Det må bli enklast mogeleg å komme seg til Danebo med kollektivtransport.
– Store regionale handlesenter er ofte arealkrevjande og bilbaserte sidan dei tiltrekk seg folk frå eit stort område. Skal vi oppnå redusert bruk av bil og lågare klimagassutslepp må næringa legge til rette for kollektivtransport, internettbestilling og heimkøyring. Meir arealeffektiv bygging vil gjere det lettare å få plass innanfor eksisterande byområde. Slik kan vi styrke bysentrum og unngå sløsing med areal, seier Solhjell.
Miljøverndepartementet presiserer at dette er eit unntak, og at det ikkje er fritt fram for kjøpesenter langs hovudvegane heretter.
Bård Vegar Solhjell rosar fylkeskommunens plan om å unngå handelsverksemd langs E 18, og meiner det er viktig at denne planen ikkje vert uthòla.
– Planen bidreg til å bevare levande sentrumsområde i Vestfold-byane, til beste for alle innbyggarane. Slik får vi meir kompakte og levande byar og unngår at byane flyter utover, seier Solhjell.
Regional plan for handel og sentrumsutvikling i Vestfold