Klimameldinga: På veg mot lågutsleppssamfunnet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Klimameldinga: Stortingsmelding 21 (2011-2012)
Pressemelding | Dato: 25.04.2012
-Vi skal gjennomføre ei langsiktig og framtidsretta omstilling av Noreg til eit samfunn med låge klimagassutslepp, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Solhjell la fram regjeringa si klimamelding onsdag i lag med statsminister Jens Stoltenberg, kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og SV-leiar Audun Lysbakken.
–Det skal bli lettare for folk å ta klimavennlege val i kvardagen. Industrien vil få støtte til nødvendig teknologiutvikling. Ei slik omstilling inneber også at vi må vere innstilte på å gjennomføre nasjonale klimatiltak som er dyrare enn tiltak i utlandet, seier Solhjell.
Pressemeldinga frå Statsministerens kontor
Sjå miljøvernministerens presentasjon av klimameldinga her:
Presentasjon med de viktigste punktene frå meldinga (pdf)
Last ned meldinga som pdf frå lenkje i høgre kolonne.