Meir pengar til erstatning for vern i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Revidert nasjonalbudsjett 2012
Pressemelding | Dato: 15.05.2012
Regjeringa foreslår å auke budsjettet med 78 millionar kroner. Samla blir det dermed løyva 232 millionar kroner i 2012 av omsyn til venta erstatningsutbetalingar til grunneigarar og rettshavarar. Dei totale utgiftene til nasjonalparkplanen er uendra i forhold til i fjor, men meir av erstatninga vil bli utbetalt i 2012 enn tidlegare antatt.

- Nasjonalparkane er juvelane i vår natur. Dei er viktige for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg. Eg er glad for dei gode erstatningsordningane vi har i naturmangfaldlova for dei som får eit økonomisk tap når vi etablerer verneområda, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.