Vil at enda fleire skal drive eit aktivt friluftsliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 26.08.2013
Regjeringa vil at fleire skal drive med aktivt friluftsliv. Det er ein ambisjon at alle som bur i byar og tettstader skal ha maksimalt 500 meter frå bustaden til eit samanhengande nettverk av ferdselsårer. Barn, unge, folk med innvandrarbakgrunn og folk med nedsett funksjonevne er viktige målgrupper.
Regjeringa vil at fleire skal drive med aktivt friluftsliv. Det er ein ambisjon at alle som bur i byar og tettstader skal ha maksimalt 500 meter frå bustaden til eit samanhengande nettverk av ferdselsårer. Barn, unge, folk med innvandrarbakgrunn og folk med nedsett funksjonevne er viktige målgrupper.
– Friluftsliv bidreg til fine opplevingar, meir fysisk aktivitet, betre helse og auka naturglede. Svært mange i Noreg driv med friluftsliv, og vi vil legge til rette for at enda fleire skal gjere det. Vi har jobba spesielt med tilrettelegging for folk med innvandrarbakgrunn og folk med nedsett funksjonsevne. Det bynære friluftslivet skal prioriterast, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal strategi for friluftsliv som omhandlar statens satsing på dette feltet dei næraste åra. Strategien inneheld ei rekke tiltak og målsettingar. Den er utforma i samarbeid med friluftsorganisasjonar, fylkeskommunar, kommunar og forskingsinstitusjonar.
Strategien legg også opp til auka bruk av by- og tettstadsnære landbruksområde til friluftsliv, mellom anna gjennom frivillige avtalar med grunneigarane.
– Eit av strategiens hovudmål er å legge til rette for friluftsliv i nærmiljøet. Terskelen for å kome seg ut må vere så låg som mogeleg. Vi legg hovudvekta på friluftsområde og ferdselsårer i tettbygde strok. Effekten av desse tiltaka er størst, ettersom åtte av ti bur i byar og tettstader, seier Solhjell.
Regjeringa vil i større grad synleggjere og ta i bruk kulturminne i samanheng med friluftsliv. Vidare skal tilrettelegging og stimulering til fritidsfiske prioriterast sterkare.
Ny teknologi kan også brukast til å auke deltakinga i friluftsliv. Til dømes er såkalla geocaching blitt svært populært. Det er ein GPS-basert skattejakt der ein leitar etter boksar som er plassert i terrenget eller bebygde område. Regjeringa vil støtte IKT-baserte produkt og tenester som kan bidra til at fleire tek del i friluftsliv.
Regjeringa vil gjennomføre eit nytt Friluftslivets år i 2015.
– Vi vil gjennomføre året som ei nasjonal satsing, der det blir arrangert aktivitetar i heile landet og der friluftsliv får auka merksemd, seier Solhjell.
Friluftslivets år 2015 skal ha særleg vekt på friluftsliv i nærmiljøet, kulturminne i naturen som opplevingsverdi og fritidsfiske. Barn, unge og barnefamiliar skal ha særleg prioritet.