Ein meir heilskapleg kulturminnepolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 26.04.2013
Regjeringa legg fredag fram kulturminnemeldinga ”Framtid med fotfeste”. Fredingspolitikken skal prioritere heilskaplege kulturmiljø og i større grad ta omsyn til dei praktiske og økonomiske konsekvensane ei freding får for samfunnet.
Regjeringa legg fredag fram kulturminnemeldinga ”Framtid med fotfeste”. Fredingspolitikken skal prioritere heilskaplege kulturmiljø og i større grad ta omsyn til dei praktiske og økonomiske konsekvensane ei freding får for samfunnet.
-Eg er stolt over det denne regjeringa har fått til på kulturminneområdet. Å ta vare på kulturminne er eit framtidsprosjekt. Meldinga tek for seg nokre viktige utviklingstrekk i åra framover. Vi må ta omsyn til kulturminna samstundes som vi bygger fleire bustader og fortettar byane. Vi må også kartlegge korleis klimaendringane kan true enkelte kulturminne. Internasjonalisering er eit tredje viktig trekk som meldinga omhandlar, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Det vil bli utarbeidd ein konkret plan for framtidige kulturmiljøfredingar. Riksantikvarens strategiske plan for forvalting av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal også følgjast opp.
Åtte år er gått sidan Stortinget behandla den førre meldinga om kulturminnepolitikken – St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. I den nye meldinga gjer regjeringa greie for dei resultata som er oppnådd på området etter at den førre kulturminnemeldinga vart behandla av Stortinget i 2005. Meldinga omtaler også justeringane i kulturminnepolitikken som er naudsynte for at ein skal nå dei måla Stortinget har sett.
Dei nye tiltaka som meldinga tek opp, omfattar alt frå ein smartare måte å jobbe på, ein meir målretta pengebruk og satsing på kunnskap, register og oversikter. Dette skal gje grunnlag for å kunne velje ut kva for kulturminne som er viktige å sikre for framtida.