Historisk arkiv

Historisk vern i Oslomarka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa har vedteke vern av fire område som friluftslivsområde. Områda er dei første som vernast mot hogst og andre store inngrep for å sikre gode naturopplevingar.

Regjeringa har vedteke vern av fire område som friluftslivsområde. Områda er dei første som vernast mot hogst og andre store inngrep for å sikre gode naturopplevingar.

Skjennungsåsen, Godbekken, Hauktjern og Spinneren vart fredag verna som fire separate friluftslivsområde i medhald av markalova § 11. Dei fire områda har store verdiar for  naturoppleving knytt til gamal skog som er lite påverka av nyare skogbruksinngrep, og dei har ein spesielt stor verdi for friluftslivet.

–Dette er historisk. Vi har aldri før verna område på grunn av deira verdi for friluftslivet, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Områda ligg lett tilgjengeleg i nærleiken av dei mykje brukte utfartsstadene Sognsvann, Skullerudstua og  Østmarksetra. Dei er i intensiv bruk til friluftsliv som turgåing, skigåing, sykling og klatring. Her er mykje eldre skog, men områda er ikkje urørte i den forstand at det ikkje er spor etter menneskeleg aktivitet. Skogbildet og fråvær av større inngrep og tilrettelegging gjer at dei framstår som naturlege og lite påverka.Områda vil framleis vere opne for friluftsliv og idrett, mellom anna aktivitetar som sykling på stiar og klatring. Større idrettsarrangement, som til dømes sykkelritt, er søknadspliktig.

 –Eg er glad for å kunne seie at desse flotte ”eventyrskogane” no er sikra slik at komande generasjonar kan få like stor glede av dei som vi har i dag, seier Solhjell.

Alle områda ligg i Oslo kommune og omfattar til saman ca 8,8 kvadratkilometer. 

Kongeleg resolusjon

Faktaark

Kart