Statsbudsjettet 2014
Kraftig satsing på skogvern
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Regjeringa føreslår å auke løyvingane til skogvern med 100 millionar kroner til 331 millionar kroner i 2014. Vidare legg regjeringa, i tråd med veksten i skogvernbudsjettet i 2012–2014, opp til å auke løyvingane med 100 millionar kroner i året fram mot 2017.
Regjeringa føreslår å auke løyvingane til skogvern med 100 millionar kroner til 331 millionar kroner i 2014. Vidare legg regjeringa, i tråd med veksten i skogvernbudsjettet i 2012–2014, opp til å auke løyvingane med 100 millionar kroner i året fram mot 2017.
- Det er brei semje, mellom anna i miljøorganisasjonar, i skogeigarorganisasjonar og i skogindustrien, om satsinga på auka skogvern. Eg er derfor svært nøgd med den sterke skogvernsatsinga i framlegget til budsjettet for 2014, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Budsjettet til skogvern blir i framlegget auka frå 231 millionar kroner i år til 331 millionar kroner i 2013. Dette er ei vidareføring av opptrappinga frå 2012 til 2013, då løyvinga vart auka frå 120 millionar kroner til 231 millionar kroner. Auken gjer det mogeleg å fatte vedtak om vern for eit stort antal frivillige verneområde. Ein vil og kunne inngå nye avtalar om frivillig vern for mange nye område allereie hausten 2013.
Regjeringa legg, i tråd med veksten i skogvernbudsjettet i 2012–2014, opp til å auke løyvingane med 100 millionar kroner i året fram mot 2017. Miljødirektoratet vil bli bede om å utarbeide ein strategi og framdriftsplan for korleis ei slik opptrapping av skogvernet bør gjennomførast i praksis.
Skogeigaranes interesse for frivillig skogvern har dei siste åra auka sterkt, og det går føre seg vernearbeid for eit stort antal område. Det blir og arbeidd med vern av mange område eigd av Statskog SF og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).
I alt har denne regjeringa sidan 2005 verna 214 skogområde med 567 kvadratkilometer produktiv skog
-Mellom anna har vi tatt vare på viktige skogområde som Trillemarka-Rollagsfjell. No aukar vi tempoet i skogvernet ytterlegare, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.