Statsbudsjettet 2014
Meir til nasjonalparkar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Regjeringa føreslår å styrke arbeidet med verdiskaping knytt til nasjonalparkane med 25 millionar kroner i statsbudsjettet for 2014.
Meir til nasjonalparkarRegjeringa føreslår å styrke arbeidet med verdiskaping knytt til nasjonalparkane med 25 millionar kroner i statsbudsjettet for 2014.
Miljødirektoratet utviklar no ein kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkane som ledd i marknadsføringa av Noreg som bærekraftig reisemål. Det blir lagt til rette for samarbeid mellom naturforvaltninga og lokale interesser for verdiskaping. Til dette løyver regjeringa fem millionar kroner.
Nasjonalparksenter og dei andre naturinformasjonssentera er viktige i dette arbeidet og regjeringa vil derfor gi ti millionar til utstillingar, informasjonsarbeid og autorisering av nye senter. Sentera skal gi auka engasjement og verdiskaping, og det blir lagt til rette for godt samspel med lokale interesser. Det blir gitt opplæring til barn og unge og alle andre om natur, friluftsliv, naturvern og nasjonalparkar.
Derfor kjem det ti millionar kroner til nye naturrettleiarstillingar ved nasjonalparksentera; ei halv stilling knytt til kvart av sentera Stabbursnes naturhus og museum, Norsk Bremuseum i Fjærland og Breheimsenteret i Luster, ei stilling knytt til kvart av sentera Øvre Pasvik Nasjonalparksenter, Halti Nasjonalparksenter, Nordland Nasjonalparksenter, Femundsmarka Nasjonalparksenter på Røros, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn, Norsk Fjellmuseum i Lom, Folgefonna Nasjonalparksenter i Rosendal, og det eventuelle nye nasjonalparksenteret ved Færder nasjonalpark i Vestfold.
- Vi har veldig god erfaring med naturrettleiarane frå villreinsentera og rovviltsentera og eg er glad for at ordninga no også vil omfatte nasjonalparksentera, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.