Statsbudsjettet 2014
Regjeringa aukar innsatsen på kulturminnefeltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Regjeringa føreslår ei satsing på kulturminne og kulturmiljø på i alt 620 millionar kroner, ei auke på om lag 49 millionar kroner eller 8,7 prosent frå 2013.
Regjeringa føreslår ei satsing på kulturminne og kulturmiljø på i alt 620 millionar kroner, ei auke på om lag 49 millionar kroner eller 8,7 prosent frå 2013.
- Eg er oppteken av at forvaltninga av kulturminna våre er kunnskapsbasert og målretta, og at me får fram synlege resultat gjennom pengebruken. Kulturminne er ei viktig kjelde til kunnskap, opplevingar og verdiskaping. Eg vil derfor føre vidare og styrke dei viktige satsingane på desse områda, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Regjeringa vil auke løyvinga til Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga med seks millionar kroner og løyvinga til bevaringsprogramma for kulturminne og kulturmiljø med vel 21 millionar kroner. Disse satsingane skal bidra til å styrke kulturminneforvaltning og til at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø blir sett i stand og i større grad tatt i bruk i mellom anna utviklinga av byar og tettstadar.
- Mange freda bygg, anlegg og fartøy er i privat eige. Aukinga av tilskotsmidlar i bevaringsprogramma skal komme dei privateigde kulturminna til gode og støtte opp under den uvurderlige innsatsen som desse eigarane gjer, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Miljøvernministeren viser til at det er gjort eit omfattande arbeid med å setje i stand viktige kulturminne og kulturmiljø. Innafor bevaringsprogramma er mangel på handverkskompetanse ei utfordring. For å styrke kompetansen og kapasiteten innanfor byggfaga har Miljøverndepartementet deltatt i eit interdepartementalt samarbeid som har munna ut i etableringa av ei formalisert etter- og vidareutdanning i bygningsvern og restaurering. Det er tale om åtte nye studieplassar på bachelornivå på Høgskolen i Sør-Trøndelag, med oppstart hausten 2014, der miljøverndepartementet vil bidra med 1,5 millionar kroner i år. Vel 2 millionar kroner er også sette av til prosjektet Bygg og Bevar, ein nettportal som gjer det mogleg å kople eigarar av verneverdige og freda bygningar saman med handverkarar med rett kompetanse.