Solhjell på klimamøte i Berlin
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 06.05.2013
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell deltek måndag på Petersbergdialogen i Berlin, eit uformelt klimamøte i regi av tyske styresmakter. Møtet samlar nokre sentrale representantar for alle grupper av land i klimaforhandlingane for å bidra til framdrift gjennom uformelle drøftingar. Tysklands forbundskansler Angela Merkel opnar møtet.

Tema for Petersbergdialogen er mellom anna mobilisering av private investeringar i klimateknologi og arbeidet med ein ny og ambisiøs klimaavtale.
Måndag morgon deltek Solhjell også på eit debattmøte om klimafinansiering i regi av Tysklands nest største bank Commerzbank og den norske ambassaden.
Solhjell er tilgjengeleg for intervju i løpet av måndagen.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Tone Hertzberg, 91 19 13 13